Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg
STAD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON · Selje, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- STAD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
- Location
- Selje, Norge
- Posted
- June 30, 2026
About this job
Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar. Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Årsaker til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt. Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg å jobbe med. Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover per veke. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for. Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på (fritidskontakt eller tilkallingsvikar) og kvar du helst vil jobbe, eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell. Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld berre tilkalling og korte vikariat. Arbeidsoppgåver Vikararbeid i helse- og omsorgseiningane: Heimetenesta, Seljetunet, Hogatunet, Miljøtenesta, Meistring og psykisk helse, Interkommunale helsetenester og Helse. Fritidskontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Dette inneber å vere saman med den enkelte på ulike fritidsaktivitetar som t.d å gå på kino, kafé, trene, reise på turar saman mm. Kvalifikasjonar Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i helse og omsorg Som fritidskontakt må du sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre Dersom du er aktuell vil du bli kontakta Du er gjerne i eit relevant studieløp Alle som arbeider i helse og omsorg må levere gyldig politiattest Personlege eigenskapar Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen Vi tilbyr Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat Løn etter tariff. Du skriv timeliste. Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at du følgjer med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad! Det er fint om du sjølv trekkjer søknaden din i Webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid. Kontakt oss gjerne om du lurer på noko! Kontaktinformasjon Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta,, Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter,, Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta,, Grete Aud Totland, Einingsleiar Interkommunale helsetenester,, Linda Gotteberg, einingsleiar helse,, Arbeidsstad 6740 Selje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5152331406 Stillingsprosent: 23% Søknadsfrist: 04.01.2027
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card