Vikar for lærarar og miljøpersonale i grunnskulane i Bømlo kommune
MOSTER SKULE · Mosterhamn, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- MOSTER SKULE
- Location
- Mosterhamn, Norge
- Posted
- July 2, 2026
About this job
Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar), miljøarbeidarar (assistentar) og miljørettleiarar i grunnskulane gjennom skuleåret 2026/2027. Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat. Om skulane Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside: Skulane i Bømlo Søknadsprosess: Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/miljøpersonale) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar. Arbeidsoppgåver Lærarvikar: Undervisning i ulike fag på alle trinn i grunnskulen. Miljøpersonale: Følgje opp elevar i skule, og ha ansvar for gruppeaktivitetar på SFO. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Kvalifikasjonar For stillingane som lærarvikar og miljøarbeidar søkjer me høvesvis etter kvalifiserte lærarar og fagarbeidarar innan helse og oppvekst. Andre med relevant utdanning, fagkompetanse eller erfaring kan òg vere aktuelle. Me vil særskilt oppmode studentar i lærarutdanning til å søkje. For miljørettleiarstillingane krevst relevant utdanning. Personar som ikkje fyller kompetansekrava kan òg vere aktuelle som tilkallingsvikarar. Gode norske språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg, er nødvendig. Personlege eigenskapar Trygg og tydeleg i møte med barn og unge. Gode samarbeids- og formidlingsevner. Evne til å arbeide sjølvstendig og i team. Raus og fleksibel. I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon. Me tilbyr Varierte og meiningsfulle oppgåver i ein flott kommune. Faglege og personlege utfordringar. Gode pensjons- og forsikringsordningar. For lengre vikariat er det tilbod om velferdsklubb med tilsettegoder. Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk. Andre opplysingar Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd. Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. Offentleg søkarliste vert oppretta. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast (Offentleglova § 25). Høyrest dette ut som noko for deg? Send søkna den din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på. Kontaktinformasjon Kari Østensen, Rektor v/Svortland skule, Maryann Steinsbø, Rektor v/Gilje skule, Olaug Norenes Hovda, Rektor v/Våge skule, Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, Torunn Hatlevik, Rektor v/Hillestveit skule, Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, Tone Baugstø, Rektor v/Rubbestadneset skule, Katrine Hausberg, Rektor v/Meling skule, Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5152923081 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 10.08.2026 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 18.06.2027
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card