Ringjevikar badevakt i Klepphallen

Klepp kommune, Byggdrift idrettsbygg · Kleppe

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Klepp kommune, Byggdrift idrettsbygg
Location
Kleppe
Posted
May 10, 2026

About this job

Bli ein del av teamet i Klepphallen, vi søkjer ringevikarar! Om stillinga Ønskjer du ein fleksibel og meiningsfull jobb der du kan kombinere arbeid med studiar eller annan jobb? Klepphallen tilbyr ei unik arbeidsopp­leving prega av samhald, tryggleik og fridom. Vi søkjer engasjerte ringevikarar til ulike oppgåver i våre idrettsbygg, med arbeidsoppgåver som badevakt, billettsalg, kundeservice og reinhald i samband med offentleg bading. Du vil inngå i eit team som har ansvar for tryggleik, hygiene og trivsel for våre badegjester. Som ringevikar vil du vere ein del av vårt faste turnusopplegg med arbeidsøkter på kveld og helg – perfekt for deg som vil ha ekstra inntekt på kveld og helg. Dersom du er på jakt etter ein jobb der du kan kombinere fleksibilitet med meiningsfullt arbeid, er Klepphallen plassen du bør søkje! Vi ber om at søkjarar opplyser i søknaden om kor mykje dei ønskjer å arbeide, samt eventuelle avgrensingar i tilgjengelegheit, til dømes kveldar, helger, feriar eller periodar dei ikkje kan arbeide. Dersom du har moglegheit til å arbeide noko på dagtid, ber vi om at dette blir opplyst i søknaden. Det er ein fordel om du kan stille på kort varsel ved behov. Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysing. Det vil bli sendt ut melding om at søknaden er motteken, men det vil ikkje bli sendt avslag. Kommunen tek kontakt dersom/når det er behov for fleire vikarar. Arbeidsoppgåver Billettsal og kundeservice Tilsyn ved offentleg bading Enkel administrative oppgåver Følgje gjeldande HMS-rutinar og arbeidsbeskrivingar Enkle tilsynsoppgåver og etterkvært teknisk drift Reinhald Kvalifikasjonar Du må bestå ei badevakt prøve, med dykk ned på djupaste del (3,8m) i bassenget. Opplæring vil bli gitt. Grunna arbeidsoppgavene er god fysisk form viktig. Grunnleggende datakunnskaper. Må meistre norsk flytande både skriftleg og munnleg. Den som blir tilsett må kunne leggja fram politiattest jf. Opplæringslova Attester og vitnemål Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet. Personlege eigenskapar Du har godt humør, er fleksibel, og ikkje redd for å ta i eit tak Du er trygg i vatn og grunnleggjande symjeferdigheiter Du har gode kommunikasjonsevner Bidra til å gjæra kollegaene dine gode og gi kollegastøtte Vi tilbyr Fleksibel arbeidstid – perfekt for deg som studerer eller har annan jobb Variert og sosialt arbeidsmiljø Variert og meiningsfullt arbeid – bidra til tryggleik og trivsel i lokalsamfunnet Støttande og inkluderande arbeidsmiljø – bli del av eit team som set pris på samhald og samarbeid Moglegheit for personleg og fagleg utvikling – få opplæring og erfaring innan ulike arbeidsområde Gode forsikrings- og pensjonsordninger Gratis parkering Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel Kontaktinformasjon Thor Gunnar Bore, Arbeidsstad Stasjonsvegen 26A 4350 Kleppe Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5127925506 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free