Helse og omsorg - helgevakt og tilkallingsvikarar 2026

SYKKYLVEN KOMMUNE KORTIDS REHAB · Sykkylven, Norge · Remote-friendly

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
SYKKYLVEN KOMMUNE KORTIDS REHAB
Location
Sykkylven, Norge
Posted
January 4, 2026

About this job

Vil du jobbe med menneske – og gjere ein forskjell i kvardagen? Sykkylven kommune treng dyktige og engasjerte tilkallingsvikarar i helse- og omsorgstenestene våre. Som vikar hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag, varierte oppgåver og sjansen til å utvikle deg i eit fagleg sterkt og inkluderande miljø. Vi tek imot søknader fortløpande – og aktuelle kandidatar blir kontakta ved behov. Kvar kan du jobbe? Vi har behov for vikarar innan fleire einingar. Skriv i søknaden kva område du ønskjer å jobbe i: Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) Sone 1 og 2 BUAS institusjon Kjøkken Korttid / rehabilitering Natt Helsehuset Heimebasert omsorg Nattpatrulje Bu- og rehabiliteringstenestene Ura Klokkerhaugen Barne og avlastingsbustad Søkjer du på fleire område? Lag gjerne ei kort prioriteringsliste, slik at vi enklare finn det som passar best for deg. Arbeidstid og stillingsstorleik Oppgi gjerne kva tider og periodar du kan jobbe. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil variere etter behov. Politiattest Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Arbeidsoppgåver Arbeidet består av vanleg pleiefagleg arbeid og ansvar knytt til dei brukarane som har behov for dei ulike tenestene. Kvalifikasjonar Vi ønskjer å komme i kontakt med deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og har eit hjarte for arbeid med menneske. Erfaring eller relevant utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav – vi gir deg opplæring. Vi søkjer pleiemedarbeidarar, studentar innan pleie, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, hjelpepleiarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar m.v Personlege eigenskapar Vi søkjer medarbeidarar som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarne og deira ønskje og behov, anten dei er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller på institusjon. Vi tilbyr Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk. Løn etter kvalifikasjonar. Kontaktinformasjon Nina Hovdenakk, avdelingsleiar BUAS natt,, Eli Hustad Digernes, avdelingsleiar kjøkken,, Trine Garshol, avdelingsleiar Ura,, Linda Søvik, avdelingsleiar heimebasert omsorg natt,, Janne Midtlid, Avdelingsleiar BUAS institusjon,, Anne Britt Kurseth, avdelingsleiar Heimebasert omsorg,, Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS sone 2,, Vanessa Lyshol, Avdelingsleiar Barne og avlastingsbustad,, Randi Lindvik Kvam, avdelingsleiar Klokkerhaugen,, Kristine Bjørnestad, avdelingsleiar BUAS korttid/rehab,, Lillian Urtegård, avdelingsleiar BUAS sone 1,, Arbeidsstad Haugneset 16 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5047868745 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free