Tilkallingsvikarar

HARAM OMSORGSSENTER · Brattvåg, Norge · Remote-friendly

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will continue to the employer’s original posting.

Company
HARAM OMSORGSSENTER
Location
Brattvåg, Norge
Posted
March 29, 2026

About this job

Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og trygge tenester. Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre Haram og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Pleie og omsorg til brukarar Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på å følgje faglege retningslinjer Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande Bidra til eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Helsepersonell og personar utan utdanning kan søkje Førarkort klasse B for stilling i heimetenesta Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd Personlege eigenskapar vert vektlagt Personlege eigenskapar Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Likar å jobbe med menneske Fleksibel og løysingsorientert Tek ansvar og samarbeider godt Møter andre med respekt og varme Kan jobbe sjølvstendig når det trengst Må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø Godt humør og ei positiv framtoning Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme Vi tilbyr Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte Stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på Variert arbeid i møte med mange ulike menneske God opplæring Moglegheit for vidare vikaroppdrag og sommarjobb Løn etter tariff Kontaktinformasjon Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar,, Arbeidssted Storgata 20 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5101749617 Stillingsprosent: 0% Engasjement Søknadsfrist: 31.01.2027

This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free