Vil du bli vår nye maskinsjef?
Maritim Drift, Fjord1 AS · Molde
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Maritim Drift, Fjord1 AS
- Location
- Molde
- Posted
- May 10, 2026
About this job
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Solholmen-Mordalsvågen, p.t. MF Ivar Aasen. Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap. Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. På Ivar Aasen har vi ei valfri 7/12 ordning, som inneber at man i tillegg til ordinær skiftplan forpliktar seg til 7 ekstravakter som takast i løpet av året. For desse 7 ekstravaktene vert du kompensert for 12 vakter, derav 6 nattevakter og 6 dagvakter. I tillegg får man i ordninga heile året dekka reise utover 30km, til og frå arbeid første og siste tur. Mordalsvågen - Solholmen er ei fin rute der du får pausar både midt på dag og på natt. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav. Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem. Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden. Opplæring av personell under si leiing. Oppgåver knytt til alarminstruks. Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt. Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar. Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn. Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav. Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert. Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringordning der du ved å arbeide 7 ekstra dagar årleg får løn tilsvarande 12 overtidsvakter. Reiseutgifter vert dekka ved første og siste reise i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km. Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Skiftordning: 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. Treningsmoglegheiter om bord. Kontaktinformasjon Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 Arbeidsstad 6411 Molde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5126802066 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Er du leken, engasjert og ambisiøs? Vi søker pedagogisk leder! · Læringsverkstedet Forus Barnehage
- Kreativ frisør søkes: Bli med i vårt team på Rykkinn · Team Hårsenter As
- Helsesekretær Hamar Øyelegesenter · Øyelege Øyvind Mattsson As
- Billakkerer · Sky Rekruttering As
- Organisasjonsrådgiver - gjør en forskjell for studentene på UiO · Studentparamenent Ved Univ I Oslo
- Erfaren vaktmester · Lillestrøm Kirkelige Fellesråd
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card