Vil du bli vår nye maskinsjef?
Maritim Drift, Fjord1 AS · Valldal
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Maritim Drift, Fjord1 AS
- Location
- Valldal
- Posted
- June 30, 2026
About this job
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Eidsdal - Linge, p.t. trafikkert av vår nybygde EL-ferje MF Norddalsfjord. Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Attraktiv turnus: 2 veker på, 2 veker av. Kvileordning på nattskift og lange samanhengande friperiodar gir god balanse mellom jobb, familie og fritid. For dei som ønskjer å pendle, blir det utbetalt køyregodtgjersle for halvparten av reisene til og frå jobb. Ved behov er det også moglegheit for hybelordning i Eidsdal. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande! Arbeidsoppgåver Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav. Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem. Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden. Opplæring av personell under si leiing. Oppgåver knytt til alarminstruks. Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt. Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar. Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn. Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav. Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert. Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår. Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar Skiftordning: 12/12 turnus - 2 uker på, og 2 uker av. Kontaktinformasjon Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 Arbeidsstad 6210 Fjord Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5152402282 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Vil du jobbe med bil? Fleksibel deltidsjobb hos Vanly Varebilutleie (20–50%) · Vanly As
- Takserer søkes til bilskadeverksted på Ottestad · Sky Rekruttering As
- Renholder · VESTRE SLIDRE KOMMUNE HELSE OG OMSORG ADMINISTRASJON
- Kundemottaker / takserer – Werksta Ottestad · Sky Rekruttering As
- Vi søker en god person som liker å leke og å være sammen med barn · Stiftelsen Sollia Barnehage
- Gravemaskinfører søkes - Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card