100 % Fast stilling som kommunepsykolog i Voss, Eidfjord,Ulvik og Vaksdal

Voss herad Barne- og familietenestene · Voss

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Voss herad Barne- og familietenestene
Location
Voss
Salary
3-5 k
Posted
November 23, 2026

About this job

Voss herad er i eit samarbeid mellom kommunane Ulvik, Eidfjord, Vaksdal og Voss. Samarbeidet siktar mot å levera robuste kommunepsykologtenester av høg kvalitet til deltakarkommunane. Me har eit sterkt fagleg miljø med totalt fem psykologar kor av tre har fullført spesialiseringa. Ein av våre psykologar har flytta og me søkjer difor etter hennar etterfølgjar. Kommunepsykologane er samlokalisert med andre hjelpetenester i Voss sitt nye kontorbygg « Knutepunktet» og jobbar herfra ut mot alle deltakarkommunane. Generelt Psykologtenesta skal arbeide heilskapeleg og tverrfagleg i og mellom deltakarkommunane med helsefremjande og førebyggande arbeid. Arbeidsoppgåvene kan grovt reknast i tre. 1) Innbyggjarane skal ha tilgang til behandling og undervisning både individuelt (korttidsbehandling) og i grupper. Vidare skal psykologane 2) bidra til å styrka det øvrige tenestetilbodet i kommunane gjennom rettleiing og undervisning. Sist, men ikkje minst, skal psykologane 3) arbeida system- og samfunnsretta gjennom evaluering, tenesteutvikling og kommunalt plan og utgreiingsarbeid. Sentralt i alt arbeidet står samarbeid med aktuelle kommunale tenester, samt andre tenester t.d. spesialisthelsetenesta. Me vektlegg stor grad av autonomi samstundes som me ønskjer å løfta i lag. Med leitar difor etter ein lagspelar med høg motivasjon. Det er eit mål at me skal utvikla både vår eiga og deltakarkommunane si kompetanse og evne til å svara på morgondagens utfordringar. Me prioritera difor læring og utvikling høgt. Kommunepsykologane har delt kommunane mellom seg slik at kvar kommune har ein primærkontakt. Den som vert tilsett kan få primærkontaktansvar for ein kommune, men vil uansett måtte pårekna å dela arbeidstida si mellom samarbeidskommunane. Endringa er i stadig endring og du vil få stor moglegheit for å influera på din eigen arbeidskvardag. Arbeidsoppgåver Du vil få vera med å utforme arbeidsoppgåvene utfrå din kompetanse og interesseområde: arbeid på individ-, gruppe- og systemnivå vurdering, kartleggingssamtaler og oppfølging kortvarig behandling av lette til moderate psykiske lidingar (3-5 konsultasjonar) kartleggje behov for behandling og vise til spesialisthelsetenesta ved alvorlege psykiske lidingar bidra i arbeidet med kompetanseutvikling rettleia tilsette samarbeid med andre tenester internt og eksternt delta i kommunalt kriseteam arbeidsoppgåvene kan verta endra ut frå verksemda sine behov noko reiseverksemd må påreknast Me søkjer offentleg godkjend/autorisasjon som psykolog, gjerne psykologspesialist erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid erfaring med å gje rettleiing kjennskap til utfordringar med arbeidet innan rus/psykisk helse forståing for tidleg intervensjon, førebyggande og helsefremmande arbeid gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Me tilbyr eit godt, aktivt og tverrfagleg fagmiljø basert på samarbeid utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver. medverknad i utvikling av psykologtenesta deltaking i fagfellesskap for kommunepsykologar kontor i nye flotte lokaler, saman med fleire andre hjelpetenester medlemsskap i pensjons- og forsikringsordning konkurransedyktig lønn me freistar å legge til rette for å oppfylle praksiskrav i høvet til barn og unge eller voksne. Anna godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga du må ha førarkort, klasse B, då reiseverksemd må påreknast hugs å gje opp minst to referansar Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast til: Voss herad, boks 145, 5701 Voss, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Søkjar som vert innstilt som nr 2 vil kunne få tilbod om vikariat. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free