Seksjonsleiar

Kirurgisk poliklinikk, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Kirurgisk poliklinikk, Helse Møre og Romsdal HF
Location
Ålesund
Posted
November 23, 2026

About this job

Seksjonsleiaren for kirurgisk poliklinikk skal ut i svangerskapspermisjon. Vi søkjer derfor etter ein engasjert og fagleg sterk seksjonsleiar til Kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Seksjonen er ein del av Kirurgisk avdeling og tek imot planlagde pasientar til spesialisert utredning, behandling og kontrollar av ulike tilstandar, sjukdommar og skader innanfor fagfelta gastrokirurgi, generell kirurgi, karkirurgi, ortopedi og urologi. Vi tek også imot akutte skadar ved vår skadepoliklinikk, som er tilvist frå fastlege eller legevakt. Preoperativ poliklinikk, der ein klargjer pasientar for operasjon, er også ein del av seksjonen. I seksjonen møter du eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort fokus på pasienttryggleik og kvalitet. Seksjonen består i dag av 13 tilsette fordelt på sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, uroterapeutar og stomisjukepleiarar. Som seksjonsleiar vil du vere ein del av leiargruppa i kirurgisk avdeling og rapporterar til avdelingssjef. Leiargruppa består av 10 seksjonsleiarar. Vi forventar at seksjonsleiar vil bidra til god samhandling for best mogleg kvalitet og ressursutnytting i avdelinga. Det er ei løysningsorientert og handlekraftig leiargruppe i kirurgisk avdeling, og det forventast at seksjonsleiarane ser moglegheiter og tenker forbetring i kvardagen til det beste for pasientane våre. Arbeidsoppgåver Som seksjonsleiar vil du ha ansvar for: Dagleg drift og fagleg utvikling av seksjonen i nært samarbeid med seksjonsoverlegar Personalansvar for tilsette i seksjonen Ansvar for at poliklinikken vert driven etter gjeldande lovar og forskrifter, etter interne retningslinjer og innanfor økonomisk rammer. Samhandling med andre fagmiljø og avdelingar Bidra til god pasientflyt og effektiv ressursbruk Implementering av kvalitetsforbetring og digitale løysingar Kombinert arbeidstid: ca 50% administrativt arbeid og 50% klinisk arbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Minimum 2 års erfaring som sjukepleiar Vi trur du lukkast best om du har erfaring frå arbeid med kirurgiske pasientar Ynskjeleg med leiarutdanning og –erfaring. Må beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er tydeleg og synleg for dei tilsette og avdelinga Du er fleksibel og nytenkande og løysingsorientert Du har evne til å arbeide strukturert og målretta både individuelt og i team. Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo Du har evne til å kunne arbeide tverrfagleg Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Maren Pedersen, Avdelingssjef, Arbeidssted Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5213570109 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 08.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free