100% stilling som landbrukssjef
Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn · Odda
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn
- Location
- Odda
- Posted
- November 22, 2026
About this job
Vil du ha ei sentral rolle i ein av Noregs fremste landbruks- og fruktkommunar? Ullensvang kommune søkjer etter ein dyktig, engasjert og strukturert landbrukssjef. Avdeling for landbruk og havbruk er plassert i verksemd for Samfunnsutvikling, og du vil få eit overordna fagleg ansvar for kommunen si landbruksforvaltning. Avdelinga for landbruk og havbruk har 5 årsverk. Personal - og budsjettansvar ligg til verksemdsleiar for Samfunnsutvikling. Ullensvang er ein mangfaldig og langstrekt kommune frå fjord til fjell, med eit aktivt og framtidsretta landbruk. Her spelar fruktproduksjon, husdyrhald, skogbruk og utmarksforvaltning ei avgjerande rolle for både verdiskaping, busetjing og kulturlandskap. Som fagleiar får du moglegheit til å setje preg på utviklinga av næringa i tett samspel med dyktige kollegaer, næringsaktørar og regionale styresmakter. Arbeidsoppgåver Fagleg leiing, koordinering og kvalitetssikring innanfor landbruksforvaltninga Sakshandsaming i saker etter jordlova, konsesjonslova, odelslova og skogbrukslova m.m. og knytt til næringsutvikling og miljøsaker Forvaltning av tilskotsordningar (produksjonstilskot, RMP, SMIL, skogfond m.m.) Tilsyn og kontroll Viltforvaltning, beitebruk og oppgåver knytt til utmark og rovvilt Utarbeiding av saksutgreiingar til politiske utval og klagehandsaming opp mot Statsforvaltaren Rettleiing av grunneigarar, bønder og andre aktørar i næringa Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan landbruk, naturforvaltning, agronomi, jus eller anna relevant fagområde God kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk innan landbruk Erfaring frå kommunal landbruksforvaltning og/eller fagleg leiing er ein stor fordel God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem (t.d. Agros, eStil, kartverktøy/GIS) God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk er administrasjonsspråk i kommunen) Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Du er trygg i faget ditt, har god gjennomføringsevne og trivst med å ta ansvar Du arbeider strukturert, sjølvstendig og har god oversikt i ein travel kvardag Du er løysingsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Du møter innbyggjarar og næringsaktørar med respekt, god serviceinnstilling og rolleforståing Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr Ei spanande og utfordrande nøkkelstilling i ein kommune med sterke landbrukstradisjonar Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Moglegheit for fagleg utvikling og kurs Fleksibel arbeidstid Løn etter avtale/tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Kontorstad: Odda Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Vil du bidra til en tryggere reisehverdag i Troms? Bli billettkontrollør i Avarn Security! · Avarn Security AS
- Renholder deltid Drammen · Ahn Renholdservice As
- Brukerstyrt personlig assistent (BPA) · MIO BPA AS AVD BPA
- Bilmekaniker · People Hønefoss
- Er du aktiv, spontan og fleksibel? Bli med på laget! · Mio BPA
- Småtroll Barnehage søker barnehagelærer i 20% · Småtroll Barnehage
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card