LIS3 - Ortopedisk avdeling

Ortopedi avdeling, Helse Førde · Førde

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Ortopedi avdeling, Helse Førde
Location
Førde
Posted
November 22, 2026

About this job

Ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 til eit årsvikariat med moglegheit for forlenging. LIS3-vikariat med oppstart 01.01.2027. For kandidatar som fullfører LIS1-tenesta våren 2027, kan oppstart avtalast frå mars. Om avdelinga Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid. Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus. Ved Lærdal sjukehus har vi skadepoliklinikk måndag til fredag på dagtid. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk. Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande fagområde: Traumatologi Handkirurgi Skulderkirurgi og skopisk kirurgi Protesekirurgi – hofte, kne, skulder Fot-/ankelkirurgi Ryggkirurgi Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og ni LIS1 stillingar. Vi har ein sengepost med sju døgns drift i Førde. Om regionen Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Sunnfjord kommune, omgitt av storslått natur med gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Regionen byr på eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, treningssenter og eit variert fritidstilbod. Førde har gode kommunikasjonar til både Bergen og Oslo, og alle nødvendige tenester og fasilitetar er lett tilgjengelege i nærleiken. Sjekk elles ut kommunen vår på: Sunnfjord kommune. Velkommen til Helse Førde! Arbeidsoppgåver Sengepostarbeid, poliklinikk og operativ aktivitet Internundervisning, rettleiing av turnuslege i vakt m.m. Rettleiing av, og kommunikasjon med, 1. linjetenesta Rettleiing av turnuslegar Vaktarbeid sjudelt turnus Kvalifikasjonar Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad. Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg Må vere ferdig med turnusteneste og ha interesse for fagfeltet Erfaring innan fagfeltet vert vektlagt Erfaring som LIS vert vektlagt Utdanningsretning: Medisin Utdanningnivå: Profesjonsstudium Personlege eigenskapar Gode evner til å kommunisere og samarbeide Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø Pasienten i fokus Fagleg engasjert Strukturert i forhold til eigne arbeidsoppgåver Vi tilbyr Løn etter overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vikariat med moglegheit for forlenging Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Navid Beigi, Avdelingssjef, (+47) Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5213508416 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 09.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free