Gangstø ressurssenter

Øygarden kommune Gangstø ressurssenter · Rong

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Øygarden kommune Gangstø ressurssenter
Location
Rong
Posted
November 22, 2026

About this job

Om avdelinga Vi søkjer miljørettleiar i 89% fast stilling med snarleg oppstart. Gangstø ressurssenter er ein alternativ opplæringsarena for ungdomsskulane i Øygarden kommune. Tilbodet er retta mot elevar som av ulike årsaker ikkje meistrar skulekvardagen ved heimeskulen sin. Gjennom høg grad av tilpassa opplæring, tett oppfølging og støtte frå trygge vaksne arbeider vi for å styrkje elevane si trivsel, meistring og utvikling. Ved Gangstø ressurssenter har vi elevar frå 8.-10. trinn, med plass til åtte elevar. Her møter du eit tverrfagleg team beståande av åtte tilsette med ulik fagleg bakgrunn. Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som ser ressursane og moglegheitene hos kvar einskild elev. Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar, der samarbeid, utvikling og relasjonsbygging står sentralt. Samstundes vil du få ansvar og høve til å utvikle eigne styrkar og interesser. Arbeidskvardagen er variert og meiningsfull, med undervisning både på skulen og gjennom aktivitetar utanfor klasserommet. Ressurssenteret er lokalisert i Blomvåg nord i Øygarden kommune. Arbeidsoppgåver Hjelpe lærar i undervisning og ha ansvar for mindre grupper Planleggje og gjennomføre alternative aktivitetar med elevane Utarbeide tiltak og planar for auka livsmeistring og styrking av sosial kompetanse Følgje opp elevar i lærings- og aktivitetssituasjonar Bidra til eit trygt, inkluderande og positivt skulemiljø Utføre praktiske oppgåver, mellom anna transport av elevar og anna førefallande arbeid Samarbeide med føresette og andre faginstansar rundt eleven Det kan vere arbeid på ettermiddag eller kveld ved behov Kvalifikasjonar Må ha Relevant utdanning innan pedagogikk, sosialfag, helse- og oppvekstfag eller tilsvarande Ønskjeleg med Erfaring frå arbeid med elevar som har samansette behov Erfaring frå relasjonsarbeid Erfaring frå arbeid med ungdom Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: Evne til å arbeide sjølvstendig Har evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar i eigen arbeidskvardag Har gode samarbeidsevner og vilje til å bidra til eit fagleg og inkluderande arbeidsmiljø Kan handtere stress og uføresette hendingar i arbeidskvardagen Har evne til å stå i utfordrande åtferd og krevjande situasjonar på ein trygg og profesjonell måte Vere ein trygg, varm og tydeleg vaksen i møte med ungdom Har evne og vilje til å byggje gode relasjonar Arbeider fleksibelt, målretta og løysingsorientert Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Anna Krav om førarkort klasse B Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar Stillingen føl skuleruta og derfor er det trekk på 11 %. Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Gunhild Fjell: Merete Ingebrigtsen Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free