Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre?
Sone Vest · Voss
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sone Vest
- Location
- Voss
- Posted
- November 22, 2026
About this job
Helse og omsorg i Voss herad arbeider etter tillitsmodellen, med pasienten i sentrum og medarbeidarar som kan, vil og tør. I Sone Vest får du arbeide i eit kompetent fagmiljø med kunnskapsrike og dedikerte kollegaer. Me er stolte av eit godt arbeidsmiljø med høg trivsel, og me veit at gode tenester til brukarane våre også krev gode arbeidsvilkår for medarbeidarane. Me har no følgjande ledige stillingar Sjukepleiar / vernepleiar - nattevakt 60 % vikariat i eitt år Oppstart 4. januar 2027 Arbeid kvar tredje helg Helsefagarbeidar / vernepleiar Vikariat i inntil 100 % stilling, med moglegheit for fast tilsetjing Vikariat frå 1. desember 2026 til 30. april 2027 Todelt turnus (dag/kveld) Arbeid kvar tredje helg Moglegheit for ekstravakter gjennom året og i sommarperioden Om arbeidsplassen Heimetenesta i Sone Vest har base på Voss sjukeheim og yter tenester til heimebuande i området frå Vosso til Bolstadøyri. Me nyttar årsturnus som gir føreseieleg arbeidstid og god kontinuitet for brukarane våre. Som tilsett får du høve til å påverka eigen arbeidsrotasjon, med moglegheit for: Todelt eller tredelt turnus Langvakter i turnus Turnusløysingar som tek omsyn til både drift og livssituasjon Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde, tett samarbeid og gode utviklingsmoglegheiter. Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar/vernepleiar i Sone Vest vil du mellom anna: Utføra faglege oppgåver knytt til kartlegging, behandling, observasjon og pleie Bidra til å ivareta brukarane sin identitet, eigenverdi og sjølvstende Handtera legemiddel på ein trygg og fagleg forsvarleg måte Dokumentera, saksbehandla og utarbeida samt evaluera tiltaksplanar Rettleia og læra opp kollegaer Bidra til fagutvikling og internundervisning Samarbeida med pasientar, pårørande, legar og anna helsepersonell Ta i bruk og vidareutvikla velferdsteknologi For helsefagarbeidar/vernepleiarstillinga vil praktisk brukaroppfølging, pleie, observasjon, dokumentasjon og samarbeid med pårørande og kollegaer stå sentralt. Kvalifikasjonar Sjukepleiar/vernepleiar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Førarkort klasse B Helsefagarbeidar/vernepleiar Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller vernepleiar God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Førarkort klasse B Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Kven ser me etter? Me ønskjer medarbeidarar som: Er fagleg trygge og engasjerte Arbeider strukturert og sjølvstendig Tek ansvar og har god gjennomføringsevne Møter menneske med respekt, empati og omsorg Samarbeider godt med andre Ser moglegheiter når utfordringar oppstår Og ja – det hjelper om du kan handtera både kvardagslege utfordringar og den evige jakta på kvar arbeidstelefonen vart lagd sist. Me tilbyr Løn etter gjeldande avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Leiarar som har tillit til medarbeidarane sine og ønskjer å gi ansvar Eigen kompetanseplan som sikrar kontinuerleg fagleg utvikling Nært tverrfagleg samarbeid Spanande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter Eit inkluderande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde Årsturnus som gir høve til påverknad på eigen arbeidskvardag Velkomen til Sone Vest Hos oss får du bruke kompetansen din der han betyr mest – tett på menneske som har behov for støtte, behandling og omsorg i kvardagen. Velkomen som søkjar – me gler oss til å høyre frå deg! Søknad Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- CNC operator · Steinsentralen AS
- Vil du jobbe i en barnehage der lek, natur og bevegelse står i sentrum? · Lunden Barnehage As
- Vi søker etter ny kjøkkenmedarbeider · PizzaXpressen Halden
- Ønsker du å bli en del av vårt kompetansesterke juridiske fagmiljø? · Fiskeridirektoratet
- Er du jurist med interesse for anskaffelser og kontraktsforvaltning? · Fiskeridirektoratet
- Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse. · Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card