Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre?

Voss herad Heimeteneste sone vest · Voss

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Voss herad Heimeteneste sone vest
Location
Voss
Posted
November 22, 2026

About this job

Tilsetjing fortløpande i perioden Assistent i heimetenesta – Område vest (Tilkallingsvikar og mindre deltidsstillingar på helg 0–20 % stilling) Heimetenesta i Område vest søkjer engasjerte assistentar i 0–20 % stilling. Dette er ei flott moglegheit for deg som ønskjer erfaring innan helse- og omsorgsarbeid, er student innan helsefag eller trivst med å arbeide tett på menneske. Om arbeidsplassen Område vest held til ved Voss sjukeheim, sentralt plassert like ved Voss sjukehus og med kort gangavstand til sentrum og kollektivtransport. Heimetenesta yter tenester til innbyggjarar i området frå Vosso til Bolstadøyri. Vi arbeider etter årsturnus, noko som gir føreseielege arbeidsdagar for tilsette og god kontinuitet for brukarane våre. Arbeidsoppgåver Som assistent vil du bidra til: Pleie og omsorg for brukarar i heimetenesta Praktisk hjelp og reinhald i heimen til brukarane Mattilbereding og tilrettelegging av måltid Utarbeiding av handlelister i samarbeid med brukar Dokumentasjon og journalføring Bruk av velferdsteknologi Utdeling av ferdig tillaga medikament etter opplæring Tverrfagleg samarbeid Eit godt arbeidsmiljø Arbeid etter etiske retningsliner og gjeldande lovverk Brukarmedverknad og fokus på kva som er viktig for den enkelte Kven ser vi etter? Vi ønskjer deg som: Har lyst til å gjere ein forskjell for andre Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team Er positiv, fleksibel og engasjert Har interesse for helse- og omsorgsarbeid Stillinga passar særleg godt for: Helsefagelevar Sjukepleiarstudentar Vernepleiarstudentar Andre som ønskjer erfaring frå helse- og omsorgssektoren Kvalifikasjonar Gyldig arbeids- og opphaldsløyve Førarkort klasse B, eller vere under opplæring. Søkjarar utan førarkort kan òg bli vurderte dersom dei er i gang med føraropplæring. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Personlege eigenskapar vert lagde stor vekt på. Vi tilbyr Ei meiningsfull og variert stilling Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø Gode moglegheiter for læring og utvikling Opplæring og rettleiing Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande kommunalt avtaleverk Bli med og skap gode dagar for brukarane våre. Vi ser fram til å høyre frå deg! Søknad Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free