Fagarbeider - 40% vikariat

Fjone barnehage, Nissedal kommune · Treungen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Fjone barnehage, Nissedal kommune
Location
Treungen
Posted
November 22, 2026

About this job

Vil du vere med og skape verdas beste oppvekstbygd? Fjone barnehage har ledig 40 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027 - 10.10.2027. I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge. Er du å glad i å vere med barn, og ynskjer deg ein meiningsfylt jobb med varierte arbeidsoppgåver? Då er det kanskje deg me treng med på laget? Arbeidsoppgåver Skape gode dagar for barna gjennom omsorg, leik og læring. Vere ein aktiv og engasjert deltakar i barnehagekvardagen. Støtte barn si utvikling og meistring. Byggje trygge relasjonar med barn, føresette og kollegaer. Bidra til pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen. Samarbeide i eit fagleg og inkluderande arbeidsfellesskap. Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Andre fagbrev kan vere verdifullt. Personar utan formell kompetanse kan og bli vurderte. Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel. Førarkort klasse B Du kan kommunisere godt munnleg på norsk. Politiattest må leggast fram før tiltreding. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er varm, trygg og tilstadesverande i møte med barna. Du er engasjert, samarbeidsorientert og bidreg positivt til fellesskapet. Du tek ansvar, viser initiativ og evnar å vere fleksibel i ein variert og aktiv kvardag. Personleg eignaheit og evne til å byggje gode relasjonar vil bli vektlagt. Vi tilbyr Eit inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å spille kvarandre gode Dyktige og engasjerte kollegaer med lang erfaring og glimt i auga. Meiningsfylte arbeidsoppgåver med barnet sitt beste i fokus. Ein liten barnehage med store muligheter. Moglegheit til å vere med på utviklingsarbeid knytt opp til kommunen si satsing på hjernevenleg oppvekst. Tilgang til relevant digital kompetanseheving gjennom kommunen sin kursportal "MerKompetanse." Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune. Kontaktinformasjon Maria Moland, Styrar Fjone barnehage Arbeidsstad Fjonevegen Fjone Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5213308021 Stillingsprosent: 40% Vikar Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 10.10.2027 Søknadsfrist: 13.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free