Miljøarbeidarar

Tolomarka omsorg og avlastning · Norheimsund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Tolomarka omsorg og avlastning
Location
Norheimsund
Posted
November 22, 2026

About this job

Tolomarka omsorg og avlastning har eit avlastningstilbod for barn og unge i alderen 7 til 18 år og bufellesskap for vaksne. Me har no ledige stillingar som miljøarbeidarar. Me søkjer motiverte medarbeidarar med erfaring og kunnskap om personar med utviklingshemming eller autismespekterforstyrringar. Er du ein engasjert, initiativrik og trygg vaksen? Då kan du vera den me søkjer etter! 100 % fast stilling som helsefagarbeidar, frå 1. februar 2027 80 % fast stilling som helsefagarbeidar, frå 1. februar 2027 I Tolomarka omsorg og avlastning ønskjer me å bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid, utdanning og aktivitet. Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på jobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team, etter prinsippa om målretta miljøarbeid. Arbeidsoppgåver Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg Ta del i dagleg drift av bufellesskap og avlastning til menneske med utviklingshemming Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat Legemiddelhandtering Primærkontaktansvar Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon Kvalifikasjonar Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, lærlingar som brenn for dette feltet og som får autorisasjon våren 2027 kan også søkja. Fordel med relevant arbeidserfaring, spesielt innan autismespekter Interesse og ønske om å jobba med personar med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne Ha god relasjons- og kommunikasjonsferdigheit og tole å stå i utfordrande åtferd Du må kunna arbeida sjølvstendig Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø Førarkort klasse B MAP- kurs eller tilsvarande er ei føremon i forhold til å meistra utfordrande åtferd God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Me ynskjer oss deg som er: Robust: Du er hardfør og toler å stå i utfordrande situasjonar Lagspelar: Du samarbeidar godt med andre, tek din del av fellesskapet sine oppgåver. Lojal mot avgjerder, tar imot og gjev tilbakemeldingar på ein ordentleg måte Løysingsorientert og foreslår endringar der du ser behov Fleksibel og gjennomfører det me har bestemt, planlagt eller avtalt Fagleg oppdatert og følgjer etiske standardar aktivt i arbeidskvardagen og i møte med tenestemottakaren. Du bidreg til å oppretthalda kultur for dette i avdelingane. Me tilbyr Interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Eit godt og inkluderande fagmiljø Tverrfagleg samarbeid Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår Det er gode moglegheiter for ekstravakter dersom ønskjeleg. Turnusen inneheld både langvakter inntil 12,5 timar og dag/kveldsvakter med arbeid 3. kvar helg. Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kontaktinformasjon Lars Kristian Skår, Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning, Arbeidsstad Furuflaten 4 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5205945487 Stillingsprosent: 100, 80% Fast Startdato: 01.02.2027 Søknadsfrist: 09.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free