Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til andre?

Voss herad Heimeteneste sone vest · Voss

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Voss herad Heimeteneste sone vest
Location
Voss
Posted
November 22, 2026

About this job

Assistent i 80 % fast stilling – Sone vest Er du glad i å arbeide med menneske og ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg.Sone vest søkjer ein engasjert assistent som vil bidra til at brukarane våre kan bu trygt og godt i eigen heim. Hos oss får du ein variert kvardag med praktiske oppgåver, brukaroppfølging og samarbeid med dyktige kollegaer. Om arbeidsplassen Heimetenesta i Område vest har base på Voss sjukeheim og yter tenester til heimebuande i området frå Vosso til Bolstadøyri. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å skape gode og trygge tenester for brukarane våre. Arbeidsoppgåver Som assistent vil du mellom anna: Gje praktisk hjelp og utføre reinhald i heimen til brukarane Hjelpe til med mattilbereding og tilrettelegging av måltid Utarbeide handlelister i samarbeid med brukar Hjelpe til med stell og pleie i eigen heim Dele ut medikament etter opplæring og gjennomført medisinkurs Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar Samarbeide tverrfagleg med kollegaer og andre tenester Bidra til tryggleik, meistring og gode opplevingar for brukarane Arbeide kvar tredje helg Kven ser vi etter? Vi søkjer deg som: Er positiv, engasjert og omsorgsfull Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team Har eit genuint ønskje om å hjelpe andre Er fleksibel og løysingsorientert Tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Gyldig arbeids- og opphaldsløyve Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Førarkort klasse B, eller vere under opplæring. Søkjarar utan førarkort kan òg bli vurderte dersom dei er i gang med føraropplæring. Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt. Vi tilbyr Ei meiningsfull og variert stilling Eit godt arbeidsmiljø med fagleg støtte og rettleiing Gode moglegheiter for læring og utvikling Grundig opplæring Årsturnus som gir føreseielegheit Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk Bli med på laget vårt! Hos oss får du høve til å gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske som treng støtte og hjelp i eigen heim. Velkomen som søkjar – vi gler oss til å høyre frå deg! Søknad Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free