Markedsrådgiver analyse og brukerinnsikt
Om Kartverket · Stavanger
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Om Kartverket
- Location
- Stavanger
- Posted
- November 21, 2026
About this job
Om stillinga For å styrkje bruken og samfunnsnytten av Kartverket sine data og tenester søkjer vi ein nyutdanna, analytisk og samfunnsengasjert rådgivar som kombinerer god teknologiforståing med nysgjerrigheit på menneska bak tala. Vi ser etter deg som har fullført ein relevant mastergrad, og som ønskjer å bruke analyse, kunstig intelligens og brukarinnsikt til å forstå brukarane sine behov og bidra til betre avgjerder og auka verdiskaping. Som rådgivar i marknadsavdelinga får du ei sentral rolle i arbeidet med å forstå kven som brukar Kartverket sine data og tenester, korleis dei blir brukte, og kva behov brukarane har. Du vil kombinere kvantitative analysar med kvalitative metodar for å få innsikt i både kva brukarane gjer, og kvifor dei gjer det. Du vil arbeide både strategisk og operativt med analyse, brukarinnsikt og effektmåling. Ein viktig del av rolla er å omsetje data og innsikt til relevante tilrådingar som gir grunnlag for prioriteringar, betre brukaroppfølging og auka samfunnsnytte. Samarbeid med brukarar, fagmiljø, dataforvaltarar og andre interessentar er viktig for å lukkast. Du får spennande og varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, analyse, menneskeforståing og samfunnsnytte. Stillinga vil vere knytt til Kartverket si sentrale marknadsavdeling. Marknadsavdelinga består av seks dyktige kollegaer fordelte mellom Hønefoss og Stavanger. Du vil arbeide med oppgåver innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde, men arbeidsstaden din vil vere Stavanger. Noko reiseverksemd må reknast med. Arbeidsoppgåver Analysere brukardata og bruksmønster på tvers av Kartverket sine produkt og tenester for å identifisere behov, trendar og moglegheiter for verdiskaping. Kartleggje og segmentere brukargrupper, og gjennomføre brukarundersøkingar, intervju og analysar av brukarreiser. Kombinere kvalitative og kvantitative data for å utvikle heilskapleg brukarinnsikt. Måle effekten av tiltak og utarbeide analysar og tilrådingar som støttar strategiske og operative avgjerder. Utforske og ta i bruk statistiske metodar, prediktive analysar og maskinlæring for å identifisere mønster, samanhengar og utviklingsmoglegheiter der datagrunnlaget er eigna. Hente inn, strukturere, kvalitetssikre og samanstille data frå ulike kjelder for å leggje til rette for analyse og utvikling av brukarinnsikt. Bidra til å utvikle og automatisere analyseprosessar, rapportering og innsiktsarbeid ved bruk av programmering, KI og digitale verktøy. Bruke og vidareutvikle CRM, Power BI og KI-løysingar til analyse, visualisering, rapportering og effektivisering av innsiktsarbeidet. Formidle innsikt og synleggjere verdien av Kartverket sine data for leiing, fagmiljø og andre relevante interessentar. Samarbeide med interne fagmiljø og eksterne interessentar om analyse- og innsiktsarbeid. Bidra til andre relevante oppgåver i marknadsavdelinga. Du vil arbeide med problemstillingar innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde. Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: Relevant høgare utdanning på masternivå innan økonomi, marknadsføring, analyse, samfunnsvitskap, teknologi eller tilsvarande. Kompetanse og praktisk erfaring med kvalitative og kvantitative analysemetodar, brukarundersøkingar, segmentering og kartlegging av brukarbehov og brukarreiser. Praktisk erfaring med KI i analyse- og innsiktsarbeid, og god teknologiforståing. God kompetanse i Power BI og erfaring med analyse, statistikk, visualisering og formidling av data. Kunnskap om CRM-system, effektmåling og evaluering av tiltak for å utvikle innsikt og avgjerdsgrunnlag. God forståing for offentleg sektor, samfunnsoppdrag og korleis data og innsikt kan bidra til verdiskaping og samfunnsnytte. Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, og evne til å samarbeide på tvers av fagmiljø og formidle analysar og tilrådingar til ulike målgrupper. Relevant kompetanse og erfaring kan vere opparbeidd gjennom utdanning, prosjektarbeid, traineeprogram eller anna arbeidserfaring. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som er analytisk og teknologisk nysgjerrig, men som samstundes har ei genuin interesse for menneske. Du forstår at tal og statistikk berre fortel delar av historia, og at god brukarinnsikt også krev evna til å lytte, stille spørsmål og forstå ulike perspektiv. Vi trur du vil trivast hos oss dersom du: Kombinerer god teknologiforståing med nysgjerrigheit på menneske og behova deira. Er analytisk og strukturert, men evnar å sjå menneska bak tala. Er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner. Har evne til raskt å setje deg inn i komplekse problemstillingar. Er engasjert, tek initiativ og har god gjennomføringsevne. Evnar å omsetje data og brukarinnsikt til tydelege og relevante tilrådingar. Er hjelpsam, fleksibel og trivst med å samarbeide på tvers av fagmiljø. Me tilbyr Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø Ein ko
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Faglærer innen byggfag · Rogaland fylkeskommune
- Kyrkjehaugen bofellesskap - Vernepleier / sykepleier 100% · HV: Bo og Aktivitet Sør: Kyrkjehaugen puh-bolig, Stavanger kommune
- Helsestasjonslege i Stavanger kommune · Helsestasjon Sentrum, Stavanger kommune
- Lege - Lervig legekontor · Lervig legekontor, Stavanger kommune
- Avdelingsleder · Vaulen skole (5), Stavanger kommune
- Utfører av spesialpedagogisk hjelp · Stokkabarnehagene (5), Stavanger kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card