Likar du å jobbe med barn ?

Suldal kommune Stølane barnehage · Erfjord

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Suldal kommune Stølane barnehage
Location
Erfjord
Posted
November 19, 2026

About this job

Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar, - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar. Stølane barnehage ligg i Erfjord, i Stølane byggefelt. Me er 44 barn og 16 tilsette fordelt på 3 avdelingar. Me har flott natur i nærområdet, med sjø og skog som me nyttar oss av i kvardagen. Me er opptekne av å skapa gode fellesskap, finna ro i kvardagen, språk og lesing, ta vare på naturen rundt oss og sunn og god mat som gjer kroppen godt. Me jobbar saman mot målet: «Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring» Om stillinga: Stillingsstorleik: opp til 150% Stillingtype: Vikariat Stilling ledig frå: 01.01.2027 til og med nytt barnehageår. Jobben vil blant anna innebera: Delsansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt. Omsetja teoretisk kunnskap i praksis. Delansvar for vurdering og dokumentering. Arbeid med barn ute og inne. Kvalifikasjonar: Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Andre med arbeidserfaring innan barnehage kan og søkja. Me søkjer deg som er: Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg. Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn. Bidreg til eit positivt læringsmiljø. Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn. Tilstadeverande og fagleg interessert. I tillegg ønskjer me at du har: Eit positivt menneskesyn. Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar. Evne til å inspirera og motivera kollegane dine Evne til å jobba målretta, og likar å sjå reusltat av jobben din. Erfaring frå arbeid i barnehage. Kva kan me tilby: Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP Bedriftshelseteneste Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk Andre opplysningar: Nynorsk som administrasjonsspråk Det er krav om godkjenning politiattest etter gjeldande lovverk ved tilrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar Me etterspør dokumentasjon og attestar frå tidlegare arbeidsforhald ved innkalling til eit eventuelt intervju. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg til søknaden Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett må ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free