Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent

HAMNØY AS · Hovland

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
HAMNØY AS
Location
Hovland
Posted
November 19, 2026

About this job

Er du den som held orden på fakturaene, finn løysinga når fagsystemet ikkje vil samarbeide, og samtidig blir nysgjerrig på kva ein kan få til med eit gammalt fotoarkiv? Då kan du vere personen me søkjer etter. Kraftmuseet styrkjer no administrasjonen og søkjer ein allsidig administrasjonskonsulent, som vil vere med og sikre ei stødig drift av eit mellomstort museum med store oppgåver. Ansvar og arbeidsoppgåver Som administrasjonskonsulent rapporterer du til direktør og arbeider i eit tett tospann med administrasjonsleiar. Du blir eit knutepunkt mellom avdelingane ved museet, offentlege instansar og samarbeidspartnarane våre. Kvardagen vil innehalde varierte administrative oppgåver. Relevante arbeidsoppgåver vil vere å: klargjere fakturagrunnlag og registrere og kontere inngåande fakturaer for godkjenning og utbetaling følgje med på postmottaket og journalføre inngåande og utgåande post vere intern brukarstøtte og ein trygg ressurs på dei administrative fagsystema våre bidra i førebuing av lønnskjøring i samarbeid med ekstern rekneskapsførar følgje opp og vedlikehalde personalhandboka og dei administrative rutinane bidra til søknadsskriving, rapportering og utviklingsarbeid, mellom anna innan naudsynt oppdatering av system og rutinar knytt til dei ulike fagfelta ved museet Din profil Vi søkjer deg som har solid administrativ forståing og trivst med strukturert rutinearbeid, samtidig som du er løysingsorientert og fleksibel når kvardagen krev det. Vi trur du er positiv, nysgjerrig og open, og er god på å skape relasjonar. Det er nok ein fordel om du har interesse for kulturarv og museumsfeltet. Rolla kan over tid utviklast mot eit breiare administrativt ansvar for rett person. Vidare ser vi for oss at du har: fagbrev i kontor og administrasjonsfaget, relevant vidareutdanning eller bachelorgrad innan administrasjon, økonomi eller prosjektarbeid. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse. minst eitt til to års relevant administrativ erfaring grunnleggjande kunnskap om rekneskap og kontering god digital forståing og tryggleik i bruk av ulike digitale verktøy god skriftleg framstillingsevne på nynorsk, eller tydeleg vilje til å lære deg det erfaring frå museum eller kulturverksemd er ein fordel, men ikkje eit krav Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer. Kvifor Kraftmuseet? Variasjon: Kvardagen spenner frå faktura- og postmottak til arkivprosjekt og strategiske søknader. Eit oppdrag som betyr noko: Du er med og tek vare på industrihistoria som forma Hardanger og Noreg. Tett og allsidig fagmiljø: I ein liten organisasjon med flate linjer blir innsatsen din lagd merke til. Ordna vilkår: Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP. Arbeidsstad Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune. Stillinga er fast og 100 %, med 37,5 timars arbeidsveke. Det er lagt opp til fysisk oppmøte, med fleksibilitet ved særskilde behov. Søknadsfrist: 3. januar 2027, søknader vert vurderte fortløpande. Ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY ved rådgjevarane: Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. Dorthe Utvik, tlf. Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt, også overfor oss i Kraftmuseet i den innleiande fasen dersom det er ønskjeleg. Tiltreding etter avtale. Kontaktinformasjon Dorthe Øygard Eide, Rådgiver - research & analyse,, Fredrik Deilkås, Rådgiver,, Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: HAMNØY AS Referansenr.: 5213367495 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.01.2027

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free