Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg
HAMNØY AS · Hovland
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- HAMNØY AS
- Location
- Hovland
- Posted
- November 19, 2026
About this job
Kan du setje opp eit byggjeprosjekt og samtidig få eit lag med dyktige fagarbeidarar med deg i kvardagen? Då kan du vere den rette for denne stillinga. Kraftmuseet tek vare på tekniske og industrielle kulturminne av nasjonal verdi, og no søkjer vi ein avdelingsleiar bygg og anlegg som vil leie arbeidet med drift, vedlikehald og prosjekt på bygga og anlegga våre i Tyssedal og Odda. Rolla er både praktisk og strategisk, og vegen er kort frå plan til handling. Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune. Ansvar og arbeidsoppgåver Som avdelingsleiar rapporterer du til direktør og leier ei avdeling med fire faste medarbeidarar med bakgrunn som fagarbeidarar, snikkarar og mekanikarar. Du er synleg i den daglege drifta og held samtidig oversikt over årshjulet, prosjekta og prioriteringane i avdelinga. Du vil også jobbe med å prosjektere, kalkulere og byggjeleie store og små bygningstiltak. Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere å: leie, følgje opp og motivere medarbeidarane i avdelinga planleggje og følgje opp eit heilårleg årshjul for drift og vedlikehald, tilpassa årstidene skrive søknader om tilskot, til dømes midlar til forvaltning, drift og vedlikehald frå Riksantikvaren, og rapportere på dei utarbeide grunnlag for offentlege anbod og følgje opp eksterne rådgjevarar og entreprenørar halde god dialog med vernestyresmaktene og delta i faglege nettverk handtere akutte avvik på bygg og anlegg på ein strukturert og ryddig måte bidra til revisjon av internt planverk og leggje til rette ved utleige av lokale Din profil Vi søkjer deg som har solid byggfagleg forankring og som har drive komplekse byggjeprosessar før. Du er nysgjerrig, trivst både ute i drifta og med planlegginga, og har interesse for museumsfeltet og kulturarven vi forvaltar. Som leiar er du tålmodig og inspirerande. Du lyttar godt, fremjar saka di på ein konstruktiv måte og finn gode kompromiss når prioriteringane står mot kvarandre. Vidare ser vi for oss at du har: utdanning som byggingeniør eller arkitekt, eller fagbrev som tømrar eller snikkar med vidareutdanning som meister, frå teknisk fagskule eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse. minst tre års relevant erfaring frå prosjektering, prosjektleiing eller byggjeleiing god kjennskap til norsk plan og lovverk og avtaleverk innan bygg forståing for kulturminnefaglege problemstillingar innan bygningsvern erfaring med personalleiing, som er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du har gode leiareigenskapar og vilje til å lære gode digitale ferdigheiter og kjennskap til prosjekteringsverktøy svært god norsk munnleg og skriftleg, og gjerne erfaring med nynorsk som arbeidsspråk førarkort klasse B Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer. Kvifor Kraftmuseet? Kulturminne utan sidestykke: Du får ansvar for unike bygg og anlegg, frå den freda kraftstasjonen Tysso I til veteranbåten M/Y Tysso og museet sitt eige fjernvarmeanlegg. Reell påverknad: Organisasjonen er flat og vegen til direktør er kort, så du ser raskt resultatet av prioriteringane dine. Nasjonale nettverk: Gjennom museumsordninga til NVE og ulike nettverk møter du andre fagfolk og deltek i faglege samarbeid for tekniske og industrielle kulturminne over heile landet. Ordna vilkår: Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP. Søknadsfrist: 3. januar 2027, søknader vert vurderte fortløpande. Ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY ved rådgjevarane: Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. Dorthe Utvik, tlf. Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt, også overfor oss i Kraftmuseet i den innleiande fasen dersom det er ønskjeleg. Tiltreding etter avtale. Kontaktinformasjon Dorthe Øygard Eide, Rådgiver - research & analyse,, Fredrik Deilkås, Rådgiver,, Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: HAMNØY AS Referansenr.: 5213378105 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.01.2027
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse. · Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
- Renholder til bassengområde, garderober, badstue, toalett og dusjer i treningssenter · Montebello Bad og Trim AS
- Servicehelt 20 % stilling · Pizzabakeren Blindheim
- Innkjøpsansvarlig / Supply Chain Manager · Elotec AS
- Bli vår nye vaktleder i en tjeneste som skaper trygge reiser! · Avarn Security AS
- Kursansvarlig jobbsøkerkurs · Sirius Act As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card