Sekretariatsleiar
Kultur- og likestillingsdepartementet · Oslo
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Kultur- og likestillingsdepartementet
- Location
- Oslo
- Posted
- November 19, 2026
About this job
Utvalet skal ha eit sekretariat som blir formelt tilknytt Kultur- og likestillingsdepartementet, men skal rapportere direkte til leiaren av utvalet. Sekretariatet skal i utgangspunktet bestå av tre årsverk. I tillegg vil ein administrativ ressurs frå Kultur- og likestillingsdepartementet hjelpe sekretariatet. Arbeidet krev gode samarbeidsevner, stor grad av sjølvstende og evne til å sikre framdrift og struktur i store arbeidsprosessar. Stillinga som leiar er eit engasjement i 100 prosent stilling med oppstart så snart som mogleg. Engasjementet varer i inntil to år. Vi gjer merksam på at utlysinga for stillinga som sekretariatsmedarbeidar òg ligg ute, og aktuelle kandidatar er velkomne til å søkje på begge stillingane. Arbeidsoppgåver Sekretariatet skal hjelpe utvalet administrativt og fagleg, mellom anna med å hente inn relevant kunnskapsgrunnlag og forsking, planleggje og organisere møte med utvalet og møte i utvalet si referansegruppe og i tillegg utarbeide diskusjons- og vegvalsnotat og skrive sjølve utgreiinga. Sekretariatsleiaren vil ha leiar- og koordineringsansvar for arbeid i sekretariatet og jobbe tett saman med utvalsleiaren. Kvalifikasjonar Du må ha: høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå som er relevant for utvalsarbeidet minimum fem års erfaring som er relevant for stillinga leiarerfaring eller prosjektleiarerfaring svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk god forståing for forholdet mellom politikk og forvalting Det vil vere ein fordel med • mediefagleg kompetanse • erfaring frå utgreiingsarbeid eller forsking Vi legg vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som er sjølvstendig, med gode evner til strategisk og analytisk tenking har stor gjennomføringsevne og trivst med å koordinere og gjennomføre større, komplekse arbeid har stor arbeidskapasitet er initiativrik og utviklingsorientert kommuniserer og samarbeider godt med andre Stillinga og lønn Stillinga er plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønn mellom 680 000 og 890 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt med høgare lønn. Som tilsett i Kultur- og likestillingsdepartementet har du fleksibel arbeidstid, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Arbeidsplassen for sekretariatet vil vere i Oslo. Inkluderande arbeidsliv og mangfald Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Offentleg søkarliste og kontakt Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord. Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen, e-post: eller på tlf:.
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Advokatfullmektig/Advokat · Avdeling for rettssaker og helserett, Helsedirektoratet
- Ønsker du å bidra til å løfte eldreomsorgen? Vi søker avdelingssykepleier som skaper trygghet og omsorg! · Lovisenberg Omsorg AS
- Sosialkonsulent · Ambulerende tjenester, Oslo kommune, Bydel Bjerke
- Renholder til bassengområde, garderober, badstue, toalett og dusjer i treningssenter · Montebello Bad og Trim AS
- Telekommunikasjonsmontør til InCase Systems AS – Bli med på vekstreisen! · InCase Systems AS
- Er du aktiv, spontan og fleksibel? Bli med på laget! · Mio BPA
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card