Vil du ha ein jobb som betyr noko? Bli med på laget vårt på Vossestrand!
Voss herad Område nord · Vossestrand
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Voss herad Område nord
- Location
- Vossestrand
- Posted
- November 19, 2026
About this job
Vil du ha ein meiningsfull jobb der ingen dagar er heilt like? Tilsetjing vil vera fortløpande i perioden Vossestrand Omsorgstun treng fleire på laget! Me ser etter engasjerte vikarar som ønskjer å jobba kveldar og helgar, og som vil bidra til å skapa gode dagar for dei som bur hos oss. Enten du er student, elev, helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar eller berre nysgjerrig på arbeid innan helse og omsorg, vil me gjerne høyra frå deg. Hos oss får du: Verdifull erfaring og ny kunnskap Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø Dyktige kollegaer som støttar og lærer bort Moglegheit til å utvikla deg innan helsefag Me er stolte av verdiane våre og ser etter deg som er profesjonell, påliteleg og skapande. Du treng ikkje kunna alt frå før, men du må vera positiv, lærevillig og ha lyst til å jobba med menneske. Om arbeidsplassen Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, om lag 20 minutt frå Voss sentrum. Her møter du eit inkluderande arbeidsmiljø, fagleg engasjerte kollegaer og bebuarar som fortener den beste omsorga. Omsorgstunet har: 16 langtidsplassar i institusjon 9 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning Arbeidsoppgåver Heilskapleg pleie og omsorg for bebuarane våre Bidra til tryggleik, aktivitet og livskvalitet i kvardagen Samarbeid med kollegaer og pårørande Turnusarbeid med kveld- og helgevakter Klar for ein jobb som betyr noko? Søk då vel! Me gler oss til å bli kjent med deg. Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Har du solid erfaring med prosjektering av bygg- og konstruksjonsløsninger? · Omega365 Protek AS
- Aktiv og engasjert barnehagemedarbeider søkes til storebarnsavdeling · Lunden Barnehage As
- Pedagogisk leder i familiebarnehage · Bergsengveien familiebarnehage
- We are looking for construction cleaners in greater Oslo area · RENT Renholdstjenester AS - Construction cleaning
- Renholder til byggrenhold, 07:00-15:00 · RENT AS, avd Byggrenhold - Oslo/Viken
- CNC operator · Steinsentralen AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card