Vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?

Vindafjord kommune Helse · Ølen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Vindafjord kommune Helse
Location
Ølen
Posted
November 18, 2026

About this job

Me søkjer sjukepleiar til helgestilling. Stillinga er fast 20%, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg. Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søkjer deg som ynskjer å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter. Kvifor arbeidet betyr noko: Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg – kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet – og kvar vakt utgjer ein skilnad. Kva får du med å jobbe hos oss? Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst. Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus. Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid. Me kan tilby: Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget Eit fagmiljø som støttar deg – både i startfasen og vidare Moglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan Tilrettelegging for stipend ved relevant kompetanseutvikling Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø Gratis parkering Frisk treningssenter tilbyr bedriftsrabatt Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord) Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar Lønn etter tariff Hovudarbeidsoppgåver Jobbe i team med lege på vakt Prioritere rett pasient til rett tid Ta anamnese og vurdera tiltak Ivareta pasient og pårørande ved behov God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen Kontrollere og følgje opp daglege, vekentlege og månadlege prosedyrar og kontroller Laboratoriearbeid Kvalifikasjonar Du har autorisasjon som sjukepleiar. Sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar. Skriftspråket hjå oss er nynorsk. Personlege eigenskapar: Du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt – også når det hastar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. Det er eit krav om tuberkulinstatus før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free