Vil du jobbe ein stad der kompetansen din utgjer ein forskjell ? Tilrettelagte tenester f.t Bjørnefjorden bufellesskap har ledig:
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester · Os
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Location
- Os
- Posted
- November 18, 2026
About this job
Eitt års vikariat ledig frå snarast Arbeidsstad Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter. Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 tenestemottakarar. Arbeidsoppgåver Hos oss skal jobben handla om livskvalitet. brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Stillinga er i ordinær turnus med arbeidshelg 3.kvar helg, for tida m/ kombinert lang-/kortvakter. Kvalifikasjonar Søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar, men andre søkjarar med relevant utdanning og erfaring til brukargruppa, blir også vurderte. Brei erfaring kan kompensera for formal kompetanse. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og dine personlege eigenskap og erfaring blir særs vektlagt. Stillinga er for tida i team rundt brukar. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Det krevst dokumenterte norsk ferdigheiter på minimum nivå B2, både munnleg og skriftleg. Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Har du solid erfaring med prosjektering av bygg- og konstruksjonsløsninger? · Omega365 Protek AS
- Aktiv og engasjert barnehagemedarbeider søkes til storebarnsavdeling · Lunden Barnehage As
- Pedagogisk leder i familiebarnehage · Bergsengveien familiebarnehage
- We are looking for construction cleaners in greater Oslo area · RENT Renholdstjenester AS - Construction cleaning
- Renholder til byggrenhold, 07:00-15:00 · RENT AS, avd Byggrenhold - Oslo/Viken
- CNC operator · Steinsentralen AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card