Fast stilling som førstekonsulent i dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen

Kultur- og likestillingsdepartementet · Oslo

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Kultur- og likestillingsdepartementet
Location
Oslo
Posted
November 17, 2026

About this job

Om stillinga Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein engasjert og utviklingsorientert førstekonsulent til dokumentasjonseininga i forvaltingsseksjonen. Seksjonen har ansvar for sikkerheit og beredskap, informasjonsforvalting og utvikling og drift av departementet si arkiv- og dokumentforvalting. I tillegg koordinerer seksjonen departementet sitt arbeid med digitalisering og teknologiutvikling. Som førstekonsulent i dokumentasjonseininga vil du få innsikt i korleis eit departement arbeider, og bidra til at viktig dokumentasjon og informasjon blir forvalta korrekt, sikkert og på ein tilgjengeleg måte. Du vil jobbe tett med fagmiljøa og brukarane og få erfaring med både løpande oppgåver og utviklingsarbeid. Departementsfellesskapet skal gjennomføre større organisatoriske endringar. Frå våren 2027 skal fagområdet informasjonsforvalting overførast til Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) frå KUD. Stillinga er knytt til oppgåver som skal overførast, og den som blir tilsett, må derfor pårekne overgang til DIO. Stillinga passar både for deg som er nyutdanna, og for deg som har nokre års relevant erfaring. Arbeidsoppgåver Du vil mellom anna utføre løpande oppgåver i arkiv- og dokumentforvalting registrere, kontrollere og kvalitetssikre dokumentasjon i saks- og arkivsystemet til departementet gi brukarstøtte og rettleiing til tilsette bidra til opplæring, rutineutvikling og dokumentasjon bidra til at informasjons- og dokumentasjonsforvaltinga skjer i tråd med gjeldande regelverk samarbeide med DIO, andre departement og leverandørar om behov Kvalifikasjonar Du må ha: relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant arbeidserfaring med arkiv- og dokumentasjonsforvalting kan kompensere for delar av utdanningskravet god digital kompetanse og interesse for digitale arbeidsverktøy god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Det er en fordel om du har erfaring med ACOS WebSak eller andre saks- og arkivsystem kjennskap til eller erfaring frå offentleg forvalting erfaring med brukarstøtte, rettleiing og opplæring Vi søkjer deg som arbeider strukturert og nøyaktig tek ansvar for eigne oppgåver samarbeider godt med andre har ei god serviceinnstilling er lærevillig og utviklingsorientert bidreg positivt til arbeidsmiljøet Vi vil leggje stor vekt på om du er personleg eigna. Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga. Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven. Last opp attestar og vitnemål når du søkjer. Om du har fullført høgare utdanning utanfor Noreg, må utdanninga vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga. Vi tilbyr innplassering som 1408 førstekonsulent med ei brutto årslønn på 580 000 til 650 000 kroner medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring Inkluderande arbeidsliv og mangfald Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Offentleg søkarliste og kontakt Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord. Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Kontorsjef Ida Tobro på e-post:

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free