Familieterapeut/fagutviklar - Samnangerhjelpa

Samnanger kommune · Tysse

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Samnanger kommune
Location
Tysse
Posted
November 17, 2026

About this job

Om stillinga Ser du både menneska og systema rundt dei? Brenn du for relasjonelle samtalar, men har også eit blikk for korleis me kan utvikle betre tenester? Då kan dette vere stillinga for deg! I Samnangerhjelpa, knappe 40 minutt med bil frå Bergen sentrum, søker me ein familieterapeut som ønsker å gjere ein forskjell – både i møte med barn, unge og familiar, og gjennom utvikling av gode faglige arbeidsformer. Me ser etter deg som tenker heilskaplig, ser muligheter og trivst med å skape gode løysingar saman med andre. Hos oss får du kombinere terapeutisk arbeid med fagutvikling i eit tverrfaglig miljø, der det er kort veg frå idé til handling. Me søker familieterapeut/fagutviklar til ei 100 % eittårig prosjektstilling. Samnangerhjelpa er kommunen sitt tverrfaglige lågterskeltilbod der innbyggjarane kan få hjelp utan tilvising. Me arbeider etter prinsippet om «éi dør inn», med mål om å gi tidlig og tilgjengelig hjelp og sikre god samhandling rundt dei som treng det. Samnangerhjelpa er organisert under Førebyggande tenester, som omfattar helsestasjon, psykisk helse og rus, kommunepsykolog og fysio- og ergoterapitenesta. Me er eit tverrfaglig fagmiljø som arbeider med førebygging, tidlig innsats og heilskaplig oppfølging av innbyggjarane. Me samarbeider tett med mellom anna barnevern, Nav, barnehage, skule og fastlegar. Stillinga er finansiert gjennom tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland, med særleg vekt på å styrke det psykiske helsetilbodet til barn, unge og familiar. Du vil i hovudsak arbeide med direkte familieterapeutisk oppfølging, kombinert med fagutvikling og tverrfaglig samarbeid. Stillinga gir mulighet til å bidra aktivt til vidareutviklinga av Samnangerhjelpa. Det kan vere mulighet for vidareføring av stillinga, avhengig av framtidige tilskot og kommunen sine økonomiske prioriteringar. Arbeidsoppgåver Familieterapeutiske samtalar og oppfølging av barn, unge, foreldre og familiar Foreldrerettleiing med vekt på relasjonar, samspel og meistring Kartlegging av ressursar, utfordringar og hjelpebehov Gi tidlig og målretta hjelp ved psykiske helseutfordringar Bidra til utvikling og gjennomføring av individuelle og gruppebaserte tilbod Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og kunnskapsbasert praksis i Samnangerhjelpa Medverke til utvikling av gode arbeidsmetodar, rutinar og tverrfaglige samarbeidsformer Bidra med systemisk forståing og faglige perspektiv i vidareutviklinga av tenesta Legge til rette for brukarmedverknad (eks. KOR/FIT) og bidra til evaluering og forbetring av tenestetilbodet Samarbeide tett med andre kommunale tenester og aktuelle samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar Krav Relevant helse- eller sosialfaglig utdanning på minimum bachelornivå Vidareutdanning i familieterapi eller anna relevant terapeutisk vidareutdanning Erfaring frå terapeutisk arbeid med barn, unge og familiar God systemisk forståing og erfaring med relasjonelt arbeid God kunnskap om psykisk helse, relasjonar og familiearbeid Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk digitale verktøy i klinisk arbeid, samhandling og fagutvikling God skriftlig og munnlig framstillingsevne på norsk Førarkort klasse B og mulighet til å disponere eigen bil i tenesta Ønskjer Mastergrad i familieterapi eller anna relevant masterutdanning Erfaring frå kommunale helse- og oppveksttenester Erfaring med fagutvikling, kvalitetsarbeid eller tenesteutvikling Kjennskap til eller erfaring med tenestedesign, brukarmedverknad og samskaping Erfaring med tverrfaglig samarbeid og samordning av tenester Kjennskap til Betre Tverrfaglig Innsats (BTI) eller tilsvarande samhandlingsmodellar Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: Er trygg, empatisk og har gode relasjonelle ferdigheiter Har eit godt systemisk blikk og evne til å sjå samanhengar mellom individ, familie og tenestene rundt Er fagleg engasjert, nysgjerrig og utviklingsorientert Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta Er initiativrik, løysingsorientert og evnar å omsetje idear til praktisk handling Har gode samarbeidsevner og trivst i eit tverrfaglig arbeidsmiljø Er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med ulike behov og situasjonar Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og deler gjerne kunnskap og erfaringar med andre Personlig eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Me tilbyr Ei spennande og variert prosjektstilling der du får kombinere klinisk arbeid med fagutvikling Mulighet til å påverke og bidra til vidareutviklinga av eit viktig kommunalt lågterskeltilbod Eit engasjert og tverrfaglig arbeidsmiljø med høg faglig kompetanse Tett samarbeid med kommunepsykolog, familieterapeut, helsesjukepleiar og andre fagpersonar Varierte arbeidsoppgåver og gode muligheter for faglig utvikling Ein arbeidsplass med korte beslutningsvegar og rom for initiativ og nytenking Fleksible arbeidstidsordningar Gode velferdsordningar Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Arbeidstilhøve Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og a

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free