Sakshandsamar ved forvaltningskontoret, vikariat 100%

Volda kommune, Helse og forvalting · Volda

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Volda kommune, Helse og forvalting
Location
Volda
Posted
November 17, 2026

About this job

Forvaltningskontoret har ledig eit vikariat i 100 % stilling i eit år med moglegheit for forlenging. Forvaltningskontoret har ei sentral rolle i sakshandsaming og vedtaksfatting etter helse- og omsorgstenestelova. Vi tildeler tenester med utgangspunkt i ei heilskapleg tilnærming, der førebygging og den enkelte brukaren sine eigne ressursar står sentralt. Vi ønskjer å bidra til at innbyggjarane i kommunen kan meistre kvardagen sin, vere mest mogleg sjølvhjelpne og bu heime så lenge som mogleg. Ressurskartlegging, brukarmedverknad og kvardagsrehabilitering er sentrale arbeidsområde ved kontoret. Arbeidsoppgåver Sakshandsaming etter gjeldande lov- og rammeverk, for eksempel søknadar om korttids- og langtidsopphald, helsetenester i heim, praktisk bistand, omsorgsløn, avlastning m.m. Handsaming av e-link frå sjukehus, fastlegar og andre spesialisthelsetenester Samhandling med andre instansar, både internt og eksternt. Samarbeide tett med pasient/brukar, pårørande og tenesteytarar Handtering av meldingsflyt mellom kommune og helseføretak. Delta på samarbeidsmøter, gjennomføre vurderingsbesøk, Bidra til utvikling av tenestetilbodet. Kvalifikasjonar Relevant 3-årig bachelorutdanning er ønskjeleg, men helsefagleg utdanning kombinert med lang erfaring frå helse- og omsorgstenestene kan kompensere for manglande formell utdanning. Erfaring frå kommunale tenestetilbod, offentleg forvaltning og sakshandsaming. God kjennskap til helse- og omsorgssektoren, samt helseføretaka sine oppgåver og ansvarsområde. Svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Gode digitale ferdigheiter og det er ein fordel med god kjennskap til Gerica. Førarkort klasse B. Personlege eigenskapar Du evnar å prioritere arbeidsoppgåver i ein hektisk kvardag og har stor arbeidskapasitet. Du er god på samarbeid og har blikk for heilskaplege og tverrfaglege løysingar. Du evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert, men og vere fleksibel og kreativ. Vi tilbyr Godt fag- og arbeidsmiljø Fleksitid Løn etter gjaldande tariff. Kontaktinformasjon Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, Arbeidsstad Barstadmarka 2 6102 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5211837199 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free