Psykologspesialist/psykolog
Rus- og avhengigheitsklinikken/ Poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel, Helse Bergen HF · Hylkje
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Rus- og avhengigheitsklinikken/ Poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel, Helse Bergen HF
- Location
- Hylkje
- Posted
- November 17, 2026
About this job
Vil du vere med å vidareutvikle TSB-poliklinikken i Bergen og Bjørgvin fengsel? Vi søker ein engasjert psykologspesialist/psykolog som ønsker ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, og som vil bidra til å skape eit godt og tilpassa behandlingstilbod for innsette. I samarbeid med Kriminalomsorga har vi etablert ein TSB-poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til innsette med rus- og avhengigheitsutfordringar. Poliklinikken har arbeidsstad i både Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel. Hos oss vil du møte ei pasientgruppe med samansette utfordringar, der ruslidingar og psykiske helseutfordringar ofte heng tett saman. Arbeidet gir rom for varierte kliniske problemstillingar, tverrfagleg samarbeid og faglege vurderingar i ein behandlingskontekst som skil seg frå ein ordinær poliklinikk. Vi ønsker å nytte fengselsopphaldet som ein arena for endring og behandling, og bidra til gode og samanhengande pasientforløp gjennom samarbeid med kommune- og spesialisthelsetenesta, også etter lauslating. Rus- og avhengigheitsklinikken har ca. 600 medarbeidarar og består av Seksjon LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, både innan akutt- og planlagd behandling. Klinikken er i ei spennande utvikling, mellom anna knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med psykisk helsevern. Forskingseksjonen i Rus- og avhengigheitsklinikken har fleire spennande forskingsprosjekt i LAR og deltar blant anna i den nasjonale følgeforskinga på HAB og forsking på substitusjon med amfetamin. TSB-poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel er ein eigen seksjon, organisatorisk plassert under Seksjon LAR. LAR har 120 tilsette og er fordelt på fem poliklinikkar i ulike bydelar, samt HAB. Seksjonane er tverrfagleg samansette med psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar. Poliklinikken består av seksjonsleiar, psykologspesialist, sjukepleiarar/vernepleiarar og lege. Vi er eit lite, tverrfagleg team som samarbeider tett om pasientbehandlinga og utviklinga av tilbodet. Som psykolog hos oss vil du få moglegheit til å påverke både det faglege innhaldet og korleis vi organiserer arbeidet vidare. Det blir lagt til rette for fagleg utvikling og rettleiing saman med psykologar ved dei andre LAR-poliklinikkane. Vi har også eit nært samarbeid med Kriminalomsorga, sosialkonsulentane og helseavdelingane i fengsla og Seksjon for fengselspsykiatri. Arbeidsoppgåver Kartlegging, utgreiing og behandling av pasientar med avhengigheit og samtidige psykiske helseutfordringar Individuell behandling og gruppebehandling Samarbeid om behandlingsplanar og oppfølging av pasientar Individuelle samtalar og fagleg samarbeid knytt til Stifinnaren i Bjørgvin fengsel Bidra til fagleg utvikling og vidareutvikling av behandlingstilbodet Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Rettleiing til medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar Offentleg godkjent psykolog, gjerne med godkjent relevant spesialitet Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern Norsk autorisasjon Må legge fram merknadsfri vandelsattest Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad Personlege eigenskapar Engasjement og interesse for fagfeltet Gode kommunikasjonsevner og evne til open og konstruktiv dialog Gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide saman med ulike profesjonar Evne til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfaglege team Fleksibel og løysingsorientert i ein arbeidskvardag som kan vere uforutsigbar Trivst med å arbeide i ei teneste under utvikling, der ikkje alle rammer er ferdig definerte Bidrar positivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit Vi tilbyr Løn etter avtale Gode pensjons og forsikringsordninger Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Fagleg og personlig utvikling Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA bedrift) Vidareutdanning og rettleiing Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Natalia Yoshihara Berge, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Steinestøvegen 401 5109 Hylkje Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5211065627 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Vil du jobbe i en barnehage der lek, natur og bevegelse står i sentrum? · Lunden Barnehage As
- Vi søker etter ny kjøkkenmedarbeider · PizzaXpressen Halden
- Ønsker du å bli en del av vårt kompetansesterke juridiske fagmiljø? · Fiskeridirektoratet
- Er du jurist med interesse for anskaffelser og kontraktsforvaltning? · Fiskeridirektoratet
- Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse. · Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
- Renholder til bassengområde, garderober, badstue, toalett og dusjer i treningssenter · Montebello Bad og Trim AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card