Resepsjonist (80% vikariat)
Øygarden kyrkjelege fellesråd · Straume
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Øygarden kyrkjelege fellesråd
- Location
- Straume
- Posted
- November 17, 2026
About this job
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får møte menneske og bidra til viktige samfunnsoppgåver? Øygarden kyrkjelege fellesråd har ledig eit 80 % vikariat i resepsjonen ved kyrkjekontoret på Straume. Vikariatet er i første omgang på kort sikt, med moglegheit for forlenging. Det kan også vere aktuelt med vidare arbeid som tilkallingsvikar. Stillinga er ein del av administrasjonen ved kyrkjekontoret og inneber varierte administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige. Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske». Vi er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 40 800 innbyggarar der 70,3% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn, men inngår i kyrkjemusikkseksjonen i fellesrådet. Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume. Om stillinga Stillinga er hovudsakleg kontorbasert og omfattar administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige. Du vil ha jamleg kontakt med publikum, pårørande, gravferdsbyrå og andre samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen kan vere variert og til tider hektisk, med mange førespurnader, hyppige avbrot og behov for å prioritere og omstille seg undervegs. Arbeidsoppgåver Svare på telefonar, e-postar og førespurnader frå publikum og samarbeidspartnarar Ta imot og vidareformidle post og andre førespurnader Motta og registrere gravferdsmeldingar Koordinering av gravferder og oppdatering av kalendrar Registrering og oppfølging i gravregistersystemet Administrasjon av graver, mellom anna tildeling, sletting og endring av festeansvar Fakturering av avgifter og tenester Administrasjon av utleige, nøklar og tilgangar Registrering og kontroll av fakturaer og kreditnotaer Vedlikehald av register og arkiv Andre førefallande administrative oppgåver Kvalifikasjonar Relevant utdanning innan kontor, administrasjon eller service er ønskjeleg Relevant erfaring frå resepsjon, kundeservice eller administrativt arbeid er ein fordel Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye datasystem God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Erfaring med kundebehandling og publikumskontakt er ønskjeleg Kjennskap til offentleg forvaltning eller gravplassadministrasjon er ein fordel Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein medarbeidar som: Er serviceinnstilt og møter menneske med respekt og omsorg Arbeider strukturert og nøyaktig, også i ein travel arbeidskvardag Er sjølvstendig, fleksibel og tek initiativ Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Er trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar Evnar å handtere fleire oppgåver samstundes og prioritere ved behov Er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne Vi tilbyr Eit variert og meiningsfullt arbeid med viktige samfunnsoppgåver Ein arbeidskvardag med både administrative oppgåver og publikumskontakt Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Moglegheit for forlenging av vikariatet og vidare arbeid som tilkallingsvikar Lønns- og arbeidsvilkår etter tariffavtale gjennom KA – Kyrkja sin arbeidsgivarorganisasjon Offentleg tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Bedriftshelseteneste Kontaktinformasjon Annlaug Børve, Kyrkjeverje, Kari Sandøy Rong, kontroleiar, Arbeidssted Tytebærbrekko 2 5353 Straume Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5211759011 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 06.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- CNC operator · Steinsentralen AS
- Vil du jobbe i en barnehage der lek, natur og bevegelse står i sentrum? · Lunden Barnehage As
- Vi søker etter ny kjøkkenmedarbeider · PizzaXpressen Halden
- Ønsker du å bli en del av vårt kompetansesterke juridiske fagmiljø? · Fiskeridirektoratet
- Er du jurist med interesse for anskaffelser og kontraktsforvaltning? · Fiskeridirektoratet
- Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse. · Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card