Psykologspesialist som ønskjer å arbeide heilskapleg?
BUP døgnpost Haugesund · Haugesund
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- BUP døgnpost Haugesund
- Location
- Haugesund
- Posted
- November 16, 2026
About this job
BUP Haugesund har ein 100 % ledig stilling som psykologspesialist ved døgnposten. Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid. Denne stillinga er for deg som ønskjer å arbeide tett på barn, unge og familiar når dei treng det som mest 🌼 Her på BUP døgnpost møter du menneske i krevjande livssituasjonar. Vårt oppdrag er å gi spesialisert behandling med høg kvalitet, i tett samarbeid med føresette og andre instansar. Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer med totalt 10 senger: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/ Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming. Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett. Som psykolog vil du inngå i eit team saman med behandlarane på post, som omfattar psykologar, overlegar og LIS 3-legar. Psykologane og psykologspesialistane frå døgnposten inngår også i faggruppa psykologar ved heile BUP Haugesund med tilhøyrande møter, samlingar, fagutvikling og meir. Posten vil gjerne leggje til rette for fagutvikling. 👉 Vil du vite meir? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Ta gjerne kontakt på telefon eller e-post! Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom i tverrfagleg team. Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverket. Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som psykolog med spesialistgodkjenning. Gjerne spesialist i barne- og ungdomspsykologi. Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i BUP. Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar *Søkjarar utan spesialisering kan òg vurderast, men vil då berre vere aktuelle for vikariat Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: er god til å samarbeide, og trygg på å dele kunnskap både internt og med samarbeidspartnarar planlegg godt og står støtt i eiga rolle tenker nytt, finn løysingar og snur deg raskt når det trengst Vi legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du kan utfylle det eksisterande teamet vårt. Personleg framtoning, CV og referansar vil bli vurdert som ein del av heilskapsinntrykket i rekrutteringsprosessen. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling. Arbeide i tverrfaglege team. Moglegheit for kompetanseheving. Eit godt fagmiljø og hyggelege kollegaer. Faggruppemøter i ei stor og engasjert psykologgruppe. Litt om oss: Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). Hos oss finn du poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpost har akuttfunksjonar og dekkjer heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team. BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Kontaktinformasjon Marit Elise Lier, Funksjonsleiar, Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, Gabrielle Leah Dickson, Konsulent,, Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær,, Arbeidsstad Vinjes gate 10 5522 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5204082360 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Har du solid erfaring med prosjektering av bygg- og konstruksjonsløsninger? · Omega365 Protek AS
- Aktiv og engasjert barnehagemedarbeider søkes til storebarnsavdeling · Lunden Barnehage As
- Pedagogisk leder i familiebarnehage · Bergsengveien familiebarnehage
- We are looking for construction cleaners in greater Oslo area · RENT Renholdstjenester AS - Construction cleaning
- Renholder til byggrenhold, 07:00-15:00 · RENT AS, avd Byggrenhold - Oslo/Viken
- CNC operator · Steinsentralen AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card