To stipendiatstillingar ved European University Institute (EUI) i Firenze

Universitetet i Bergen · Norway

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Universitetet i Bergen
Location
Norway
Posted
November 16, 2026

About this job

https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Det er ledig to stipendiatstillingar (100%) ved European University Institute (EUI) i Firenze. Oppstart i stillingane i september 2027. Stillingane er ledig for ein periode på tre (3) år, med moglegheit for stipend for eit fjerde år. Stillingane er finansierte av det norske kunnskapsdepartementet. Stipendiatane vert teken opp i eit av ph.d.-programma ved EUI, med Universitetet i Bergen som arbeidsgjevar. Om EUI og ph.d.-programma European University Institute er eit europeisk forskingsuniversitet innan humaniora og samfunnsvitskap som ligg i Firenze i Italia. EUI har ph.d.-program innan historie, økonomi, samfunnsvitskap og rettsvitskap. Stipendiatane knytt til ph.d.-programma kjem frå 25 ulike europeiske land. Gruppa med stipendiatar er organisert i kull, med samtidig oppstart kvar haust. Søkjarane som får tilbod om stipendiatstilling, får opptak til eitt av dei fire ph.d.-programma. Ph.d.-utdanninga er normert til fire år. Meir informasjon om EUI, programma og søknadsskjema finn du her: Doctoral Programmes Kvalifikasjonar og krav: Søkjaren må vere norsk statsborgar eller ha permanent opphaldsløyve i Noreg. Søkjaren må ha mastergrad eller tilsvarande grad. Søkjarar som har fullført doktorgrad, kan ikkje bli tilsette i stipendiatstilling innan det same fagområdet. Det er EUI som vurderer om fagbakgrunnen til dei som søkjer opptak er relevant for det einskilde ph.d.-program. Løn og andre vilkår: Løn som stipendiat, som for tida svarar til ei brutto årsløn på NOK 593.700. Etableringsstipend det første året etter satsane til forskingsrådet: NOK 300 000 for enkeltperson og NOK 516 000 ved familie Driftsmidlar: NOK 50 000 pr år Stipend det fjerde året. Opptak til det fjerde året må stipendiaten søkja EUI om. Ved innvilga opptak vert det gjeve stipend frå EUI og UiB. Slik søkjer du stillinga: Lenke til EUI sitt søknadsskjema finn du her: Doctoral Programmes. Informasjon om faglege krav i søknaden, innhald i programmet og arbeidskvardagen kan ein få ved å sjå på «FAQs and Contacts» under det einskilde program. Generell informasjon: Informasjon om arbeidsforholdet til UiB og UiB si forvaltning av avtalen kan ein få ved å kontakte: Seniorrådgiver Yngve Brynjulfsen,,

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free