Rettleiar

Nav Bergen nord · Ulset

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Nav Bergen nord
Location
Ulset
Posted
November 16, 2026

About this job

Stilling som rettleiar på ungdomsavdelinga til Nav Bergen nord. Vi ser etter deg som trivst med å finne gode løysingar i samspel med menneske som er i ein krevjande situasjon og treng bistand. Er du ein person med pågangsmot og engasjement som ønsker å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Blir du motivert av å sjå andre løyse sine utfordringar og lykkast med sine planar i eige liv? Då kan du vere den vi ser etter! Nav Bergen nord har ledig fast stilling som rettleiar på ungdomsavdelinga der oppgåvane er å følge opp arbeidssøkarar og personar som av ulike grunnar har nedsett arbeidsevne. Kontoret har ca. 130 kommunalt og statlege tilsette og gjev tenester til bydelane Arna og Åsane med til saman ca. 55 000 innbyggarar. Vi har sentrale kontorlokaler i Thon senter Åsane. Kva går jobben ut på? Individuell oppfølging av ungdom. Det vil sei kartlegging, rettleiing og motiveringsarbeid med fokus på den enkelte ungdom sin kompetanse og mogelegheit til å kome i arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet Vurdere tiltak i samråd med ungdom for å nå målet om arbeid eller utdanning Samarbeide med interne og eksterne aktørar Leie møter og legge til rette for gode prosessar for ungdom saman med samarbeidspartar Følge opp den enkelte arbeidsgivar og ungdom på arbeidsplassen Sakshandsaming etter lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning, tiltaksforskrifta og anna relevant lovverk Bruk av digitale verktøy og fagsystem Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver og avdelingstilknyting kan bli endra Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning. god kjennskap til bruk av digitale verktøy i arbeidet god skriftleg og munnleg kommunikasjonsferdigheiter på norsk erfaring med å rettleie eller gje råd til personar i ulike situasjonar Det er ønskeleg at du har relevant erfaring med å bistå arbeidssøkarar ut i jobb erfaring med å jobbe tverrfagleg kjennskap til arbeidsmarknaden og arbeidsmarknaden sitt behov kjennskap til ulike utdanningsmoglegheiter kjennskap til lov om folketrygd, lov om arbeids- og velferdsforvaltning og tiltaksforskrift Kva vi ser etter hos deg? Har gode samarbeidsevner Har evne til å motivere og skape gode relasjonar Er strukturert og har god arbeidskapasitet Jobbar sjølvstendig Er fleksibel og løysingsorientert og som kan håndtere det uforutsette i arbeidskvardagen Kvifor velje oss? spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer relevant opplæring og gode høve til utvikling fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida løn i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr 639 000 - 661 000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse Kontaktinformasjon Jorunn Vaaland, Avdelingsleiar,, Arbeidsstad Åsane Senter 19 5116 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nav Referansenr.: 5211084941 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free