Deltidsekspeditør
Vinmonopolet · Kragerø
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Vinmonopolet
- Location
- Kragerø
- Posted
- November 16, 2026
About this job
Vil du bli ein del av Noregs beste faghandel? I butikken vår i Kragerø jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar. Vi søkjer ein engasjert og dyktig kollega – er dette deg? Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 2,5 timar i gjennomsnitt per veke. Du treng ingen forkunnskapar så lenge du har lyst til å lære! Kva kan vi tilby deg? Vi er først og fremst trivelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve. Dyktige og engasjerte kollegaer Eit hyggjeleg og inkluderande arbeidsmiljø Grundig opplæring som gir unik kompetanse innanfor faget vårt, og jamleg varefagleg oppdatering Bli ein del av ein raus og inspirerande delingskultur Bli ein del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, og som har berekraft høgt på dagsordenen Gode lønns- og arbeidsvilkår og medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gode forsikringsordningar Arbeidsoppgåvene dine vil vere: Skape det beste kundemøtet ved å gi kunderettleiing om produkta våre Sikre ansvarleg sal ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar, og førebyggje langing Kassaarbeid og handtering av pengar Rutinar og aktivitetar i samband med varehandtering Anna førefallande butikkarbeid Halde varefaglege prøvingar og kurs for butikken Opne og stenge butikken Ansvar for oppgjer Personlege eigenskapar: Du er blid og serviceinnstilt Du brenn for å gi det beste kundemøtet Du er engasjert, fleksibel og opptatt av å finne gode løysingar Du evnar å sjå, lytte og forstå behova til ulike menneske Som person er du ein lagspelar og jobbar godt saman i team Du har god formidlingsevne Som tilsett hos oss identifiserer du deg med verdiane våre: raus, solid og dynamisk Kvalifikasjoner: For å jobbe hos oss må du ha fylt 20 år og ha gode norskkunnskapar Du bør ha fullført treårig vidaregåande opplæring (eller tilsvarande) Det er ein fordel om du har interesse for mat og drikke Det vil bli vektlagt om du har kjennskap til butikken vår i Kragerø Det er ønskjeleg at du har god digital kompetanse. Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Alexandra Høst på tlf. eller e-post viss du har spørsmål om stillinga. Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida. Søknadsfrist: 29 november 2026 I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg. Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern) Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon.
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Vi søker etter ny kjøkkenmedarbeider · PizzaXpressen Halden
- Ønsker du å bli en del av vårt kompetansesterke juridiske fagmiljø? · Fiskeridirektoratet
- Er du jurist med interesse for anskaffelser og kontraktsforvaltning? · Fiskeridirektoratet
- Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse. · Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
- Renholder til bassengområde, garderober, badstue, toalett og dusjer i treningssenter · Montebello Bad og Trim AS
- Servicehelt 20 % stilling · Pizzabakeren Blindheim
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card