Avdelingsvert ved Voss sjukeheim
Voss herad Voss sjukeheim korttidsavdelinga · Voss
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Voss herad Voss sjukeheim korttidsavdelinga
- Location
- Voss
- Posted
- November 16, 2026
About this job
Om arbeidsstaden Område vest er lokalisert ved Voss sjukeheim, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon. Område vest består av ei langtidsavdeling, korttidsavdeling og heimeteneste. Lysinga gjeld for korttidsavdelinga. Me jobbar for tida etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Me har eit sterkt aukande fokus på mestringsteknologi. Avdelinga har ledig to stillingar som avdelingsvert, ein stilling i 65% og ei helgestilling på 20%. Begge stillingane inneber arbeid annar kvar helg. Me tilbyr Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø God opplæring og rettleiing En variert og meiningsfull jobb God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring Arbeidsoppgåver Hovudmålet med stillinga er å avlaste pleiepersonalet med oppgåver som ikkje er direkte pasientretta, slik at dei får meir tid til pleie og omsorg. Samstundes skal avdelingsverten bidra til trivsel, fellesskap og ein god kvardag for bebuarane Kjøkkenarbeid, til dømes reinhald, borddekking, servering og istandgjering av måltider Reinhaldsoppgåver knytt til pasientrom, fellesareal og skyllerom Oppgåver knytt til varemottak og orden på lager og lintøyrom Andre praktiske og trivselsskapande oppgåver, som å stelle blomar, pynte til høgtider og bidra til eit triveleg og heimleg miljø for bebuarane Arbeid annarkvar helg Kvalifikasjonar Du som er ufaglært og ynskjer å gjere ein forskjell for våre tenestemottakarar. Du må inneha tilstrekkeleg norsk språkkunnskap til å kunne omgåast og samarbeide med pasientar og kollegaer. Helsefagleg utdanning eller erfaring frå arbeid med pasientnære oppgåver er ein fordel. Personlege eigenskapar Me ser etter deg som Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Er trygg, strukturert og målretta Er fleksibel og løysningsorientert Er Inkluderande og god til å byggja relasjonar Arbeider sjølvstendig og ynskjer å skapa gode resultat i fellesskap Er løysingsorientert og høg gjennomføringsevne Er god til å motivera og engasjera Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Søknad Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Brukerstyrt personlig assistent (BPA) · MIO BPA AS AVD BPA
- Bilmekaniker · People Hønefoss
- Er du aktiv, spontan og fleksibel? Bli med på laget! · Mio BPA
- Småtroll Barnehage søker barnehagelærer i 20% · Småtroll Barnehage
- Vil du gjøre en forskjell i offentlige anskaffelser? Bli med og skap mer datadrevne løsninger · DIREKTORATET FOR FORVALTNING OG ØKONOMISTYRING
- Vil du kombinere operativt arbeid med en leadrolle innen piping? · Omega365 Protek AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card