Logoped

Sogndal kommune Sogn PPT · Sogndal

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Sogndal kommune Sogn PPT
Location
Sogndal
Posted
November 15, 2026

About this job

Vil du vere med å skape eit inkluderande læringsmiljø for ALLE? Sogn PPT søkjer utøvande logoped! Om stillinga 100% årsvikariat som utøvande logoped frå mars 2027 Sogn pedagogisk psykologisk er ei interkommunal teneste for grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Sogn PPT er tverrfagleg samansett, og har i dag 13 tilsette. Sogn PPT omfattar både avdeling for PPT og logopedavdeling, med kontor i Sogndal. Sogn PPT er i gang med eit spennande utviklingsarbeid for å bli ei framtidsretta og moderne PP-teneste. Den som blir tilsett, skal delta aktivt i dette arbeidet. Me er på leit etter deg som ønskjer å styrke inkluderande praksis i barnehage og skule. PPT er ein sentral samarbeidspart for kommunane. Arbeidet vårt skal sikre gode utviklingsmoglegheiter for barn og unge, særleg dei med særskilde behov. Me leitar ein utøvande logoped som kan gi direkte oppfølging av barn, unge og vaksne. Arbeidet omfattar reiseverksemd i området. Dato for oppstart kan drøftast i tilsettingsprosessen. Arbeidsoppgåver: Direkte oppfølging av barn, unge og vaksne med behov for logopedisk oppfølging Kompetanseheving i skular og barnehagar på system- og individnivå Konsultasjons- og rettleiingsarbeid Bidra aktivt i team og utviklingsarbeid i eiga teneste Kvalifikasjonar: Master i logopedi fullført eller i sluttfasen Relevant arbeidserfaring Førarkort klasse B, ynskjeleg med eigen bil til disposisjon God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad God digital kompetanse Personlege eigenskapar: God kompetanse på relasjonsbygging Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta Engasjert og utviklingsorientert fagperson Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet Ha høg arbeidskapasitet og takle arbeidspress Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting Me tilbyr: Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Gode velferdsordningar Høgt fagleg nivå Fagleg og personleg utvikling Fleksibel arbeidstid Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free