Rektor musikk- og kulturskule
Sektor for læring og kultur · Hareid
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sektor for læring og kultur
- Location
- Hareid
- Posted
- November 15, 2026
About this job
Hareid kommune har ledig ei fast stilling i 40 % som rektor ved Hareid musikk- og kulturskule frå 01.01.2027. Vi søkjer ein rektor som ser verdien av både god økonomistyring, personalhandtering og eit mangfaldig musikk- og kulturskuletilbod. Du er også utøvande i minst ei uttrykksform innan kunst- og kulturområdet. Hareid musikk- og kulturskule held til i lokale ved ungdomsskulen i kommunen og har i dag 3,6 årsverk, fordelt på 10 tilsette og rundt 230 elevar. Arbeidsoppgåver dagleg leiing av musikk- og kulturskulen einingsleiing, med fullt økonomi- og personalansvar sikre og vidareutvikle kommunen sitt tilbod i musikk- og kulturskulen sikre og vidareutvikle samarbeidet med andre delar av kommunen si verksemd, frivillige organisasjonar, kulturaktørar og næringsliv representere kulturskulen i ulike lokale og regionale samarbeid og nettverk Kvalifikasjonar Som søkjar til stilllinga som rektor ved musikk- og kulturskulen, ønskjer vi oss deg som har: kunst- og kulturfagleg utdanning, med minimum bacherlorgrad formell, pedagogisk kompetanse (ppu, eller tilsvarande) leiarutdanning og/eller -erfaring erfaring frå arbeid i kulturskule, eller anna musikk-, kunst eller kulturverksemd gode kunnskapar om og forståing av digitale arbeidsverktøy Etter opplæringslova § 17-11 er det krav om politiattest til stillinga. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er: trygg og inkluderande god relasjonelt og glad i å samarbeide god til å motivere og utvikle både deg sjølv og dei du skal leie strukturert og tek ansvar Vi tilbyr utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling ein god arbeidsfelleskap med engasjerte kollegaer løn etter avtale god forsikrings- og pensjonsordning Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid. Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant. Kontaktinformasjon Helge Hamre, Kommunalsjef, Arbeidsstad Rådhusplassen 5 6060 Hareid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sektor for læring og kultur Referansenr.: 5209609083 Stillingsprosent: 40% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Har du solid erfaring med prosjektering av bygg- og konstruksjonsløsninger? · Omega365 Protek AS
- Aktiv og engasjert barnehagemedarbeider søkes til storebarnsavdeling · Lunden Barnehage As
- Pedagogisk leder i familiebarnehage · Bergsengveien familiebarnehage
- We are looking for construction cleaners in greater Oslo area · RENT Renholdstjenester AS - Construction cleaning
- Renholder til byggrenhold, 07:00-15:00 · RENT AS, avd Byggrenhold - Oslo/Viken
- CNC operator · Steinsentralen AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card