50 % fast stilling som behandlar

Sogndal BUP, Helse Førde · Sogndal

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Sogndal BUP, Helse Førde
Location
Sogndal
Posted
November 15, 2026

About this job

Sogndal BUP har ledig 50 % fast stilling for behandlar med pedagogisk og/eller helse- og sosialfagleg kompetanse. Ønskt oppstart 01.01.2027, eller etter nærare avtale. Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar; ein sengepost og tre poliklinikkar. Sogndal BUP er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. Vi tilbyr polikliniske spesialisthelsetenester til barn, unge og familiar i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Sogndal BUP har erfarne medarbeidarar og god spesialistdekning. Vi vektlegg trivsel og fellesskap, og har eit positivt arbeidsmiljø prega av høg fagleg kvalitet og rom for fagleg fordjuping. Den som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd. Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske vanskar Samarbeid og rettleiing til samarbeidspartar Delta i fag- og kompetanseutvikling Det må påreknast noko reiseverksemd Kvalifikasjonar Grunnutdanning som lærar eller helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning (til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller sjukepleiar) Relevant mastergrad Erfaring med poliklinisk arbeid i psykisk helsevern for barn og unge Erfaring med tverrfagleg samarbeid Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar Gode samarbeidsevner Motivasjon og interesse for fag- og utviklingsarbeid Ved vurdering av søkjarar til stillinga, vil personlege eigenskapar bli tillagt vekt. Vi tilbyr Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Varierte og spanande arbeidsoppgåver Gode moglegheiter for fagleg utvikling Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer Triveleg arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Eili Nygard Riise, Seksjonsleiar, (+47) Arbeidsstad Dalavegen 29 6856 Sogndal Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5211236029 Stillingsprosent: 50% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 01.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free