Familierettleiar / tiltakskonsulent

Sogndal kommune Sogn barnevern · Sogndal

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Sogndal kommune Sogn barnevern
Location
Sogndal
Posted
November 15, 2026

About this job

Vil du jobbe tett på barn og familiar og bidra til endring? Sogn barnevernsteneste søkjer to familierettleiarar/tiltakskonsulentar. Me har ledig éi fast stilling og eitt vikariat på eitt år, begge i 100 %. Hos oss får du arbeide med barn, unge og familiar, følgje opp tiltak og samarbeide med familiane og nettverket rundt dei. Du blir ein del av eit team på inntil sju personar med eigen teamleiar. Du kan velje om du vil ha base i Lærdal eller Sogndal. Reiseverksemd må påreknast. Om Sogn barnevernsteneste Frå 1. januar 2027 blir det etablert ei felles barnevernsteneste for kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Sogndal kommune er vertskommune for den nye tenesta, som vil ha kontorlokasjonar på begge sider av Sognefjorden. Me skal byggje eit større fagmiljø, styrkje samarbeidet på tvers av kommunar og tenester og sikre likeverdige og gode tenester til barn og familiar. Som familierettleiar/tiltakskonsulent får du vere med på å forme korleis me skal arbeide, samarbeide og utvikle tenesta. Arbeidsoppgåver Du skal følgje opp barn, unge og familiar i tråd med barnevernslova. Arbeidet omfattar: Sakshandsaming etter barnevernslova. Endringsfokuserte og utviklingsstøttande tiltak. Praktisk bistand og oppfølging. Samtalar med barn og ungdom. Kartleggingar. Samarbeid med barnet, familien, det private nettverket og offentlege instansar. Arbeid med å styrkje nettverket rundt barnet og familien. Deltaking i møte som gjeld barnet og dei føresette. Lista er ikkje uttømmande. Kvalifikasjonar Bachelor innan sosialfag. Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk. Førarkort klasse B, også avgrensa til automatgir. Me ser etter deg som har: Erfaring frå kommunalt eller statleg barnevernsarbeid, tilgrensande tenester eller tiltaksarbeid. Kompetanse innan rettleiing og foreldrestøttande program. Kompetanse innan familieterapi. Kompetanse i nettverksorienterte tilnærmingar. Kompetanse i samtalar med barn. Minoritetskompetanse. Relasjonskompetanse. Erfaring med konflikthandtering. Digital kompetanse og ferdigheiter i digitale fagprogram. Kven er du? Du er tydeleg og strukturert, og du evnar å skape gode relasjonar til barn, familiar og samarbeidspartnarar. Du ser verdien av å samarbeide og styrkje nettverket rundt familiane. Me ser etter deg som: Er fagleg engasjert, analytisk og utviklingsorientert. Arbeider sjølvstendig, tek ansvar og finn løysingar. Er lojal og fleksibel. Samarbeider godt i team og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Er oppteken av tverrfagleg samarbeid. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar. Me tilbyr Ei meiningsfull rolle der du får bidra til endring i kvardagen til barn og familiar. Moglegheit til å vere med på å byggje opp ei ny interkommunal barnevernsteneste. Eit inkluderande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø. Eit team med eigen teamleiar og samarbeid med eit større fagmiljø. Gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og tenester. Månadleg rettleiing etter ein strukturert plan. Løn etter gjeldande avtaleverk. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidstida er hovudsakleg på dagtid, med høve til fleksibilitet ut frå oppgåver og behov. Du må pårekne noko arbeid på kveld og i helg. Mangfald og tilrettelegging Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjorde med ei prøvetid på seks månader. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde etter offentleglova § 25 andre ledd, sjølv om du har bede om å bli unnateken den offentlege søkjarlista. Dersom du ber om unntak, må du grunngje dette i søknaden. Du blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir teke til følgje. Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free