Kriminalteknikar

Møre og Romsdal Politidistrikt · Molde

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Møre og Romsdal Politidistrikt
Location
Molde
Posted
November 15, 2026

About this job

Om stillinga Er du nysgjerrig, strukturert og tolmodig? Har du evna til å sjå detaljar og vere fokusert i ulike situasjonar? Kan du setje spor, eller fråvær av spor, i ein samanheng slik at det kan kaste lys over ein hendingsgang? Vi håpar at du som les dette med engasjement og interesse vil søkje på fast stilling som kriminalteknikar stadsplassert i Molde. Vi kan love ein givande, utfordrande og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Avsnitt for kriminalteknisk etterforsking er plassert ved felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking. Avsnittet har ni medarbeidarar på fire lokasjonar i politidistriktet. Vi har brei fagleg bakgrunn og mykje erfaring frå ulike sakstypar. Avsnittet dekkjer 24/7- beredskap med reserveteneste og du må kunne bidra inn i ei slik teneste. I tillegg må du rekne med å bidra i sokkelgruppa til politidistriktet. Du vil få opplæring og kurs som sørgjer for fagleg kompetanse. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter ein motivert person som er interessert i å bidra i teknisk etterforsking i distriktet. Vi stiller høge krav til fagleg interesse, motivasjon og arbeidsmoral. Vidare søkjer vi etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar av åstadar gjennomføre innleiande laboratorieundersøkingar og vurdere vidare sakkunnige undersøkingar samle og tolke resultata frå eigne og eksterne sakkunnige undersøkingar, og saman med etterforskingsmiljøa setje desse i samanheng sporsikring og dokumentasjon ved sakkunnige undersøkingar, eksempelvis likundersøkingar og ved ID-saker delta i reservetjeneste for kriminalteknisk beredskap kunne hjelpe ved hendingar på kontinentalsokkelen (sokkelgruppa) kan påleggast andre arbeidsoppgåver Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: bestått politi(høg)skulen vidareutdanning i kriminalteknikk 1A god skriftleg og munnleg framstillingsevne plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf.politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med vidareutdanning i kriminalteknikk 1B og 1C fleire vidareutdanningar og kurs innan kriminalteknikk erfaring frå etterforsking og då særleg som kriminalteknikar anna relevant utdanning eller erfaring Personlege eigenskapar interesse og motivasjon for fagfeltet gode samarbeidsevner, då særleg i arbeid i team, då vi er eit forholdsvis lite avsnitt og jobbar mykje i faste makkerpar komfortabel med å gjere eigne vurderingar og konklusjonar strukturert og nøyaktig høg arbeidskapasitet og fleksibilitet knytt til oppdrag Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss ein utfordrande og spennande arbeidsplass i politiet for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 690 000 - kr. 760 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 720 000 - kr. 800 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter. politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 720 000 politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 595 000 til kr. 660 000 politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 620 000 for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert endringar i stillingsbenevnelser og stillingskodar må påreknast som følger av innføring av nytt gradssystem i 2027 godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse. fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Ma

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free