Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne - Pollhaugen butiltak

Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne · Straume

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne
Location
Straume
Posted
November 15, 2026

About this job

Om avdelinga Pollhaugen er eit butiltak med ni personar som bur i eigne bustader. Bebuarane har ulike behov for støtte og helsehjelp og har ulike diagnosar. Pollhaugen ligg sentralt i Straume-området, med kort avstand til kollektivtransport og kommunedelssenter. Målet vårt er å gje kvar bebuar ein aktiv og meiningsfull kvardag prega av trivsel, sjølvråderett og meistring. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe som består av sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Arbeidsoppgåver Utføre målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk støtte og helsehjelp Dokumentere i fagjournalsystem Koordinere og leggje til rette tenester Dele ut og handtere medisinar etter gjeldande rutinar Arbeide med autismevenleg kommunikasjon og tilnærming Ha kjennskap til vedtak om bruk av tvang i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 Kvalifikasjonar Autorisert helsefagarbeidar. Andre relevante utdanningar kan verte vurderte. God kompetanse i arbeid med personar med autisme God kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 Løyve til legemiddelhandtering Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ønskjeleg med Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Evne til å samarbeide godt og arbeide sjølvstendig Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Evne til nytenking og utvikling av tenesta Engasjement for fagfeltet og brukargruppa Evne til å byggje gode relasjonar Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt. Anna Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing Nattevaktene er på 10 timar Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %) Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Kontakt Fredrik Degerman, avdelingsleiar Pollhaugen Mobil: Kristin Straume, einingsleiar MMNF Mobil: Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free