Maskinsjef i 2:2 turnus, dagskift
Fjord1 - Maritim Drift · Bokn
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Fjord1 - Maritim Drift
- Location
- Bokn
- Posted
- November 15, 2026
About this job
Vi søker no etter ein maskinsjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord. Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av Fjord1. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid. Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som maskinsjef får du ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du har ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vert ein nøkkelperson for å halde høg driftssikkerheit i sambandet. Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skapar eit godt fellesskap. Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt blir avtalt nærare. Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande. Arbeidsoppgåver Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet. Kvalifikasjonar Kompetansesertifikat M1 Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF Krise- og passasjerhandtering FSE Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår. Dagskift, 2 veker på og 2 veker av. Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av Fjord1. Ein kan bu ombord i arbeidsperioden. Treningsrom om bord i fartøyet. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider,, Arbeidssted E39 5561 Føresvik Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5211293328 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Aktiv og engasjert barnehagemedarbeider søkes til storebarnsavdeling · Lunden Barnehage As
- Pedagogisk leder i familiebarnehage · Bergsengveien familiebarnehage
- We are looking for construction cleaners in greater Oslo area · RENT Renholdstjenester AS - Construction cleaning
- Renholder til byggrenhold, 07:00-15:00 · RENT AS, avd Byggrenhold - Oslo/Viken
- CNC operator · Steinsentralen AS
- Vil du jobbe i en barnehage der lek, natur og bevegelse står i sentrum? · Lunden Barnehage As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card