Er du vår nye LIS3?

Radiologi avdeling, Helse Førde · Førde

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Radiologi avdeling, Helse Førde
Location
Førde
Posted
November 15, 2026

About this job

🔷 100 % fast stilling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi ved Førde sentralsjukehus 🔷 Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesialiseringa di? Ønskjer du ein trygg og lærerik start i radiologifaget, med tett oppfølging og eit inkluderande fagmiljø? Då kan LIS3-stillinga i radiologi ved Førde sentralsjukehus vere noko for deg! Oppstart etter avtale. Vi er fleksible når det gjeld oppstartstidspunkt. Treff nokre av medarbeidarane våre i denne videosnutten! Kvifor velje Førde? Hos oss får du: Ein trygg start i eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og følgd opp Variert praksis og erfaring med bildediagnostikk Tett rettleiing frå erfarne spesialistar og gode moglegheiter for fagleg utvikling Eit sosialt og støttande arbeidsmiljø med låg terskel for å stille spørsmål Arbeidstid og vaktordning Stillinga inngår i 6-delt vaktordning. Noverande arbeidsplan gir ei friveke kvar sjette veke. Dette får du hos oss: Eit LIS-løp med god struktur og individuell oppfølging Kurs og undervisning som støttar spesialiseringa di Moglegheit for å delta i forsking og fagutvikling Sosiale arrangement og eit inkluderande kollegium Eit godt arbeidsmiljø med støtte frå erfarne kollegaer Rekrutteringstillegg Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss! Kvalifikasjoner (overskrift) Kven passar stillinga for? Vi ser etter deg som: Er ferdig med medisinstudiet, har gjennomført LIS1 og ønskjer å spesialisere deg innan radiologi Er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i team Har gode kommunikasjonsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø Avdelinga har omlag 70 tilsette, der 20 er legar. Ved seksjonen i Førde har vi 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet! I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram. Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste. Les meir om Sunnfjord kommune. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Børge Stavland, Avdelingssjef, (+47) Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5210172267 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free