Tilsynsrådgjevar i Lom og Skjåk
Lom Kommune Sentraladministrasjon · Lom
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Lom Kommune Sentraladministrasjon
- Location
- Lom
- Posted
- November 16, 2026
About this job
Vil du vere med og byggje opp eit nytt interkommunalt tilsynssamarbeid og bidra til ei berekraftig utvikling i Lom og Skjåk? Lom og Skjåk kommunar har etablert eit felles tilsynssamarbeid innan forureining og byggesak, og vi søkjer no ein rådgjevar i 100 % fast stilling. Dette er ei nyoppretta stilling der du får høve til å vere med frå starten og påverke korleis tilsynsarbeidet skal organiserast og utviklast i åra som kjem. Gjennom arbeidet ditt skal du bidra til at kommunane tek vare på miljøet og sikrar at lover og reglar blir følgde. Du vil arbeide med tilsyn etter forureiningsforskrifta og plan- og bygningslova, og du vil vere ein viktig ressurs for både innbyggjarar, næringsliv og kommunane. Arbeidsoppgåvene dine Som tilsett i denne stillinga får du eit særleg ansvar for å utvikle og etablere tilsynsarbeidet innanfor forureiningsforskrifta. Den fyrste tida skal du utarbeide tilsynsplan og rutinar, og finne arbeidsmåtar som legg grunnlaget for eit godt og langsiktig tilsynsarbeid i kommunane. Arbeidsoppgåvene dine vil vidare vere å: planleggje, førebu, gjennomføre og rapportere tilsyn rettleie innbyggjarar, næringsdrivande og utbyggjarar om regelverk og god praksis samarbeide tett med fagområda VAR, byggesak, miljø og landbruk bistå med sakshandsaming ved behov. Du vil få fagansvar for tilsynsarbeidet etter forureiningsforskrifta og plan- og byggesakslova. Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du har: relevant høgare utdanning innan tekniske fag eller miljøfag, eller teknisk fagskule. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg gode digitale ferdigheiter førarkort klasse B Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og oppfordrar også nyutdanna til å søkje. Vi ser etter deg som er fagleg trygg trivst i møte med menneske og kommuniserer godt med både innbyggjarar, næringsliv og kollegaer arbeider strukturert og sjølvstendig samarbeider godt med andre og finn gode løysingar har engasjement for å utvikle fagområdet ønskjer å vere med på å byggje opp det interkommunale tilsynssamarbeidet. Stillinga inneber både kontorarbeid og arbeid ute i felt. Kontorstad vil i hovudsak vere kommunehuset i Lom. Fordi dette er eit nyetablert samarbeid, kan arbeidsoppgåver og organisering bli justerte i takt med erfaringar og vidare utvikling av tenesta. Kvifor velje oss? Hjå oss får du: ei sentral rolle i eit nytt interkommunalt samarbeid høve til å påverke utviklinga av fagområdet ein variert arbeidskvardag med både kontorarbeid og arbeid ute i felt eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving fleksibel arbeidstid konkurransedyktig løn gode pensjonsordningar
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Pedagogisk leder i familiebarnehage · Bergsengveien familiebarnehage
- We are looking for construction cleaners in greater Oslo area · RENT Renholdstjenester AS - Construction cleaning
- Renholder til byggrenhold, 07:00-15:00 · RENT AS, avd Byggrenhold - Oslo/Viken
- CNC operator · Steinsentralen AS
- Vil du jobbe i en barnehage der lek, natur og bevegelse står i sentrum? · Lunden Barnehage As
- Vi søker etter ny kjøkkenmedarbeider · PizzaXpressen Halden
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card