Bestmann på S/J Mathilde – Hardanger Fartøyvernsenter

Hardanger Fartøyvernsenter · Norheimsund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Hardanger Fartøyvernsenter
Location
Norheimsund
Posted
November 16, 2026

About this job

Me lyser med dette ut 100% fast stilling som bestmann på Hardangerjakta Mathilde. Mathilde er ei 140 år gammal, 73 fot lang hardangerjakt som har vore i drift sidan 1989 etter ei omfattande restaurering. Me seglar frå mars til oktober med leirskule, utleigetokter og andre oppdrag. I vinterhalvåret jobbar mannskapet med vedlikehald av fartøyet. Ombord har me eit fast mannskap på tre: skipper, bestmann og kokekyndig. I tillegg har me i periodar ein ekstra matros eller leirskulelærar. Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver: Næraste støtte til skipper: Fungere som nestkommanderande på S/J Mathilde. Rigging og segl: Spesielt ansvar for vedlikehald, ettersyn og stelling av rigg og segl. Kunnskapsformidling: Vareta og vidareføre tradisjonell sjømannskunnskap, segling og maritimt handverk til gjester og grupper i alle aldersgrupper. Skutedrift: Bidra til dagleg drift og vedlikehald av eit historisk seglfartøy innanfor ei kulturhistorisk ramme. Kvalifikasjonar: Grunnleggande tryggleikskurs for sjøfolk (STCW tabell A-VI/1-1, 1-2, 1-3, 1-4). Passasjer- og krisehandteringskurs. Gyldig helseattest frå sjømannslege. Gyldig politiattest. I enkelte tilfelle kan arbeidsgjevar, etter nærare avtale, dekke kostnader til nødvendige kurs. Vi søkjer deg som: Brenn for tradisjonssegling, for oss vil det si at du har eit stort hjarte for historiske seglskuter, tradisjonelt sjømannskap og kulturhistorisk formidling. Har fagkunnskap og erfaring med segling og vedlikehald av seglfartøy. Er sjølvstendig og løysingsorientert, at du kan arbeide strukturert, tek initiativ og finn gode løysingar i kvardagen. Likar folk og formidling, har ei glød for å skape gode opplevingar og trivst med å lære vekk maritim kunnskap. Er ein god lagspelar og har gode samarbeidsevner, eit godt humør og bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Forstår norsk godt, og snakkar norsk eller annet skandinavisk språk. Identifiserer deg med verdiane våre: Truverdig, raus og engasjert. Me kan tilby Ein unik stilling på ei unik seglskute. Eit variert og meiningsfull arbeid ved eit av dei fremste fagmiljøa innan maritim kulturhistorie, fartøyvern og tradisjonshandverk i Noreg. Du får arbeida tett på både fagpersonar og leiarar i ei verksemd med stort samfunnsoppdrag og høgt aktivitetsnivå. Hardanger og Voss museum kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Hardanger og Voss museum er tilknytt tariffavtalen "Landsoverenskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar". Søknadsfrist: 7. desember Spørsmål kan rettast til fartøyansvarleg Tone Geirsdatter Solvang tlf., epost eller einingsleiar Olav Hanto tlf., e-post

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free