Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud- hals
Helse Bergen HF · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Helse Bergen HF
- Location
- Bergen
- Posted
- November 15, 2026
About this job
Bemanningssenteret har ein stor gruppe med helsepersonell tilsett, våre tilsette jobbar ved ulike avdelingar på sjukehuset. Vi søker etter medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud-hals, Øyre-nase-halsavedlinga. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen, men vil gå vakter ved Øyre-nase-halsavedlinga Arbeidstid: torsdagar frå kl 16:00 til 20:00 ved behov. Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finst ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplagar, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste. Mange har erfart plagar med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut. Hovudoppgåva vil vere preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon ved Øyre-nase-halsavdelinga. Arbeidet vil i hovudsak bestå av telefonkonsultasjonar med føresette/pasient, gjennomgang av sjukehistorie og aktuell indikasjon for operasjon, samt informasjon om inngrepet og praktiske forhold før operasjon, mellom anna fastereglar og medikamentbruk. Arbeidsoppgåver Telefonkonsultasjonar med føresette/pasient Preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon gjennom telefonkonsultasjon med føresette gjennomgang av sjukehistorie og av nødvendig informasjon før operasjon Ein blir tilkalla ved behov Kvalifikasjonar Inneha godkjend studentlisens eller legelisens registrert hos helsepersonellregisteret Må vere under relevant medisinsk utdanning Ha grunnleggande IKT-kompetanse og kunnskap om EPJ og andre fagsystem Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande Personlege eigenskapar Pasientorientert Ansvarsbevisst Fleksibel Engasjert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Ingvild Øvstebø Engesæter, Seksjonsleiar hovud-hals, Linda Greve Iversen, Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret, Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5210099758 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 30.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Selger i 80% stilling, vikariat · Kremmerhuset
- Fostermor - fosterfar · Right Bemanning As
- Barnehagemedarbeider · Norlandia Slettebakken
- Trives du med både kantine og renhold? Da ser vi etter deg! · Personalhuset
- Har du glimt i øyet og hjerte for mennesker? Da er du den jeg søker etter! · Mio BPA
- Renseri- og vaskerimedarbeider – ASTAMR Landås, Bergen · ASTAMR AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card