Rådgjevar
Kommunalområde Livsløp, Haram kommune · Brattvåg
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Kommunalområde Livsløp, Haram kommune
- Location
- Brattvåg
- Posted
- November 15, 2026
About this job
Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til å utvikle tenestene i Haram kommune? Vi søkjer ein rådgjevar til fagstaben for Livsløp i eit vikariat medan ein av medarbeidarane våre er i foreldrepermisjon. Kommunalområdet Livsløp omfattar helsetenester, pedagogisk fagsenter og vaksenopplæring, helsestasjon og ressursbase, barnevern, Nav. Vi er opptekne av å spele kvarandre gode og samarbeide på tvers, slik at innbyggjarane får samanhengande oppfølging når dei treng hjelp frå fleire tenester. Som rådgjevar i fagstaben støttar du kommunalsjefen og tenesteleiarane i planarbeid, sakshandsaming og tenesteutvikling. Du følgjer opp tenesteområda, utarbeider saksframlegg og avgjerdsgrunnlag og koordinerer utviklingsarbeid som involverer fleire tenester. Ei av oppgåvene dine er å leie og koordinere innføringa av betre tverrfagleg innsats (BTI) i Haram kommune. Du samarbeider med leiarar og ressurspersonar om opplæring og følgjer opp at tenestene tek modellen i bruk i det daglege arbeidet. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Leie og koordinere BTI-arbeidet i Haram kommune og følgje opp innføringa av BTI-modellen i tenestene. Dette inneber å samarbeide med leiarar og ressurspersonar om opplæring og om å ta modellen i bruk i det daglege arbeidet. Følgje opp tenesteområda i Livsløp, handsame saker og utføre forvaltningsoppgåver. Utarbeide saksframlegg og andre avgjerdsgrunnlag og bidra til planarbeid, rapportering og oppfølging av vedtak. Leggje til rette for samhandling og samskaping i og på tvers av kommunalområda. Følgje opp SLT-arbeidet med samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga. Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk, samfunnsfag eller offentleg administrasjon. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og evne til å skrive klart og presist på nynorsk. God digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye system og arbeidsverktøy. Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning, sakshandsaming eller utviklingsarbeid på tvers av tenester. Kjennskap til BTI eller erfaring med å innføre nye arbeidsmåtar i ei verksemd er òg ein fordel. Personlege eigenskapar Du tek initiativ, arbeider sjølvstendig og følgjer opp oppgåver til dei er ferdige. Du får med deg leiarar og medarbeidarar når nye arbeidsmåtar skal takast i bruk. Du samarbeider godt med ulike fagmiljø og får fram perspektiva deira. Du set deg raskt inn i nye problemstillingar og formidlar komplekse saker på ein forståeleg måte. Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga. Vi tilbyr Varierte oppgåver innan forvaltning, samhandling og tenesteutvikling. Tett samarbeid med kommunalsjef, tenesteleiarar og fagmiljø i Livsløp og resten av kommunen. Høve til å påverke korleis tenestene samarbeider om tidleg innsats for barn, unge og familiar. Løn etter gjeldande avtaleverk. Kontaktinformasjon Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef,, Arbeidssted Strandgata 40 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5208367593 Stillingsprosent: 100% Vikar Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 29.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse. · Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
- Renholder til bassengområde, garderober, badstue, toalett og dusjer i treningssenter · Montebello Bad og Trim AS
- Servicehelt 20 % stilling · Pizzabakeren Blindheim
- Innkjøpsansvarlig / Supply Chain Manager · Elotec AS
- Bli vår nye vaktleder i en tjeneste som skaper trygge reiser! · Avarn Security AS
- Kursansvarlig jobbsøkerkurs · Sirius Act As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card