Barne- og ungdomsarbeidar

Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune · Vatne

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune
Location
Vatne
Posted
November 15, 2026

About this job

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som vi aktivt brukar gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette, fordelt på seks basar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lang erfaring og stort engasjement. Vår visjon er: «Vi gjer kvarandre gode». Vi søker deg som er ein trygg og tydeleg vaksen, og som møter barn med omsorg, leik og engasjement. Du trivst med å vere aktiv saman med barna og tek del i kvardagen med initiativ og glede. Samstundes bidreg du til eit godt samarbeid i personalgruppa og til eit positivt arbeidsmiljø. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna. Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på gode og heilskaplege tenester. Vi arbeider fleksibelt og på tvers for å sikre kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Vi håpar å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor det gjeldane loveverket og rammene ein har blitt einige om Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande og vise forståing og respekt Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og erfaring frå barnehage, men anna relevant kompetanse eller erfaring kan vurderast. Levere godkjent politiattest av nyare dato Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §2 Personlege eigenskapar Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring Jobbe sjølvstendig Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen. Vere ein god rollemodell vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju Vi tilbyr Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader Løn etter gjeldande tariff God pensjonsordning Kontaktinformasjon Gro Olsen Jenssen, Styrar,, Arbeidssted Gjerdebakken 55 6265 Vatne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5206534786 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free