Seniorrådgivar

Møre og Romsdal Politidistrikt · Kristiansund N

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Møre og Romsdal Politidistrikt
Location
Kristiansund N
Posted
November 12, 2026

About this job

Om stillinga Statens barnehus har etablert ei underavdeling i Kristiansund. Vi søkjer etter en fagleg sterk og utviklingsorientert seniorrådgivar som ønskjer å ta del i samfunnsoppdraget til barnehuset i politiet. I rolla får du ein variert og fagleg interessant arbeidskvardag, med mykje ansvar. Sentrale arbeidsoppgåver er knytt til saksarbeid i samband med avhøyr av barn og særlig sårbare vaksne. Du skal leggje til rette for trygge rammer under avhøyr, kartlegge oppfølgingsbehov og gi tilpassa oppfølging til målgruppa. Tverrfagleg og tverretatleg koordinering kjenneteiknar mykje av arbeidet, og høg samhandlingskompetanse er derfor avgjerande i rolla. Du vil bli ein del av eit lokalt team med tre seniorrådgivarar og ein førstekonsulent. Samtidig vil du vere ein del av eit større fagmiljø med tett samarbeid på tvers av lokasjonane i Kristiansund og Ålesund, som har felles leiing. Hovudavdelinga i Ålesund har i dag elleve medarbeidarar, inkludert fire seniorrådgivarar og to psykologar. Dette gir eit solid fagmiljø med høg kompetanse, og gode moglegheiter for fagleg samarbeid og utvikling. Avdelingen har adresse i moderne og nyoppussa lokale med sentral plassering i Kristiansund. Noko reiseverksemd må påreknast i stillinga, knytt til oppfølgingsoppgåver og arbeid ved hovudavdelinga. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg som kan kombinere solid fagleg kompetanse med trygg og tillitsvekkande nærvær i møte med både barn og vaksne i målgruppa, og samarbeidspartnarar. Du bidrar aktivt til kvalitet og utvikling i arbeidet, og til eit godt arbeidsmiljø. Du er audmjuk og modig i arbeidet ditt, og har høg motivasjon for å arbeide innanfor fagfeltet til barnehuset. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver planleggje og tilretteleggje før, under og etter tilrettelagte avhøyr, politiavhøyr og rettsmedisinske undersøkingar av barn og sårbare vaksne vareta perspektivet til den avhøyrte i alle fasar av straffesaka, og bistå med barnehusfagleg kompetanse til etterforskinga under avhøyra kartleggje og avklare behov for vidare oppfølging og behandling av målgruppene gjennomføre oppfølgingstiltak, innanfor rammene i Felles retningslinjer for Statens barnehus koordinere tverrfagleg og tverretatleg samhandling gi fagleg rådgiving og rettleiing til samarbeidande etatar, samt privatpersonar bidra til fagleg kvalitetssikring av arbeidet i fagteamet delta i nasjonale fagnettverk halde deg fagleg oppdatert, bidra til fagutvikling og kompetansedeling internt og eksternt ansvar for opptak av avhøyr på lyd og bilete ved behov arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg i tråd med behov og eventuelle sentrale føringar Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: minimum fem års høgare utdanning på master- eller profesjonsnivå, for eksempel innan helse- og sosialfag, pedagogikk, psykologi eller tilsvarande kliniske utdanningar. Særleg relevant arbeidserfaring og klinisk kompetanse kan kompensere for delar av utdanningskravet arbeidserfaring frå minst eit av følgjande fagfelt: Barne- og ungdomspsykiatri, barnevern, familievern, førebyggjande helsearbeid blant barn og unge, eller barn/vaksenhabilitering arbeidserfaring frå klinisk arbeid med barn eller familiar erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samhandling god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk grunnleggjande IT-kunnskapar plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med relevant vidareutdanning, for eksempel innan psykisk helsearbeid, familieterapi, rettleiing eller liknande erfaring frå arbeid med barn eller vaksne med kognitiv funksjonsnedsetjing og utviklingsforstyrringar erfaring frå arbeid med barn eller vaksne som har vore utsett for vald eller seksuelle overgrep erfaring frå arbeid med problematisk og skadeleg seksuell atferd hos barn og unge fleirkul

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free