Vi treng fleire badevakter med reinhaldsansvar ved Vindafjordhallen symjehall!
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester · Sandeid
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
- Location
- Sandeid
- Posted
- November 5, 2026
About this job
Vindafjord kommune driftar ein ny og flott symjehall i Vats. Det er to basseng, sklie, badstue og flotte fellesområde, samt fasilitetar for tilsette. Vi treng no fleire badevaktar som skal bidra til tryggleik og gode opplevelsar for besøkjande, og at symjehallen skal bli eit felles samlingspunkt for heile kommunen. Du må like å jobbe i team og det er viktig å bidra der det trengs for å sikre god drift av symjehallen. Vi har behov for ein fast stilling på ca 20% med arbeidstid ettermiddag/kveld og helger. Me har og behov for deg som kan vera vikar til dag, kveld og helgevakter. Skriv i søknaden kva som er aktuelt for deg. Kva får du jobba med hos oss? Badevakt for publikumsbading Reinhald og klargjering av symjehall, garderobar og fellesområde Kundeservice og sal av billettar Førefallande arbeid. Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe’ Vindafjord ). Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kvalifikasjonar: Gode samarbeidsevner Gode symjeferdigheiter - må bestå livredningstest Teknisk forståing Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Informasjon: Du må vere over 18 år og framvise gyldig politiattest. Opplæring vil bli gitt, men du må vere symjedyktig og kunne dykke ned på botn av basseng. Dersom du har relevant erfaring og utdanning er dette positivt, men ikkje naudsynt. Du blir gitt førstehjelpskurs og livredningskurs før tiltreding. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du må lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Bilde: Kristine Thorsen Eikeland, Vindafjordhallen symjehall Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Vil du bidra til en tryggere reisehverdag i Troms? Bli billettkontrollør i Avarn Security! · Avarn Security AS
- Renholder deltid Drammen · Ahn Renholdservice As
- Brukerstyrt personlig assistent (BPA) · MIO BPA AS AVD BPA
- Bilmekaniker · People Hønefoss
- Er du aktiv, spontan og fleksibel? Bli med på laget! · Mio BPA
- Småtroll Barnehage søker barnehagelærer i 20% · Småtroll Barnehage
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card